Mannen som skulle med morgonflyet i dag tidleg, tykte Securitasvakta såg litt gretten ut.

– Eg ville muntre han opp litt, fortel mannen til lokalavisa Firda Tidend.

Men vakta tok ikkje spøken. Han trykte i staden på alarmknappen, og dermed rykte to mann ut frå Gloppen lensmannskontor.

Glopparen som var å veg til Bergen på kurs, fekk ikkje vere med flyet.

– Ikkje tull med securitasvakta, det er lærdomen eg har teke med meg, seier den angrande flypassasjeren.

Politiet ventar no på ein rapport frå flyplassen.