Den 26 år gamle bergensaren hevdar at han er heilt uskuldig, og kravde å bli sett fri. Det fekk han ikkje medhald i av tingretten i Halmstad fredag, som bestemte at han skal sitje fengsla inntil den svenske Riksadvokaten får tatt stilling til det norske kravet om utlevering.

26-åringen motsette seg utlevering til Noreg også fordi han er dansk statsborgar. Mannen har budd på Vestlandet dei siste fire-fem åra.

Det vil truleg ta eit par veker før utleveringssaka er ferdig handsama hos den svenske påtalemakta.

26-åringen heldt i retten fredag fast ved at han ikkje har noko kjennskap til bomba som vart funne i den stolne bilen som den no døde kameraten hans køyrde. Han nektar også all kjennskap til sprengstoffet og fenghettene som låg i hans eigen bil — også denne stolen.