• Bombefly kan koma austfrå, frå Hardangervidda, og sleppa bomber over Mjølfjell skytefelt frå 15.000 fots høgde.

Alvorsame hytteeigarar, raundøler, vossestrendingar og naturvernarar lytta intenst til Herleiv Halland si utgreiing då Mjølfjell Vel nyleg heldt orienteringsmøte på Park Hotell Vossevangen.

Lobbyistar

Dei var ikkje seine om å vedta at eit engare utval skal jobba intenst med å hindra at Stortinget gjev løyve til bombing frå fly. Kåre Lie ved Mjølfjell Ungdomsherberge og Herleiv Halland vart straks valde, og andre skal peikast ut snarast. Næringsdrivande og grunneigarar skal vera representert både i Raundalen og på Vossestrand. Dessutan skal Naturvernlaget og Voss Utferdslag i fellesskap peika ut ein representant. Advokatkontoret til hytteeigar Jan Ohldieck i Bergen er sekretær for utvalet.

Øydelegg vestnorsk turisme

På møte var det stor semje om at bombing frå fly ikkje berre er problematisk for Mjølfjell, men vedkjem reiselivet for storparten av Vestlandet. Skytefeltet ligg i hjartet av fjordane, midt mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden. Det er omkransa av rundturen «Norway in a nutshell», der Flåmsbana inngår, med sine 415.000 reisande i 2002.

Her ligg turistattraksjonane tett som hagl heile vegen rundt. Det kan vera nok å nemna Tvinnefossen, Stalheimsfossen, Sivlefossen, Stalheimskleiva, Nærøydalen, Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Rjoandefossen, Kjosfossen — med eller utan huldrelokk, Myrdalsberget, Vatnahalsen, Gravhalsen og Raundalen med verna vassdrag og det dramatiske juvet i Rastalia.

Landskapsvern

Dessutan er landskapsvernområdet rundt Nærøydalen tilgrensande nabo. Arbeid er sett i gang for å få dette området, saman med Geirangerfjorden på Sunnmøre, inn på UNESCO si liste over verdsarven, på linje med Bryggen i Bergen. Fleire i møtet meinte at slik status neppe kan oppnåast med bomber og granatar susande ned frå støyande fly.

Brandset Fjellstove ligg innanfor skytefeltsgrensa, og verdskjende Stalheim Hotell like utanfor. Hotelldirektør Ingrid Tønneberg, som deltok i møtet, har ingen tvil i valet mellom skytefelt og landskapsvern.

På Raundalsida er Kårdal Pensjonat og Mjølfjell Ungdomsherberge dei næraste reiselivsverksemdene, inniblant eit av dei viktigaste hytteområda for bergensarar og vossingar.

Forsvarsvilje

På møtet onsdagskvelden vart den lokale militære leiinga på Voss rosa for framifrå informasjon om allierte øvingar. Informasjonsmøta deira er endatil tilpassa tidene for fjøsstellet på gardane. Det er sentrale styresmakter protestane må rettast mot. Vossingane sin vilje til å verja landet, er det ingen grunn til å tvila på. Eit par av møtedeltakarane ville vita meir om omfanget av bombeøvingane. Det er skilnad på bombing ein gong i veka og ei veke i året.