For alle båtar over 30 fot, dei som lagar kraftige bøljer, er fartsgrensa åtte knop gjennom Bakkasundet og heilt ut til Skalmenes utanfor Styvi.

Men dette er det veldig få båtførarar som veit.

Ingen skilt langs leia varslar fartsreduksjon.

Ingen sjøkart, kanskje med unntak av dei aller nyaste, informerer om restriksjonen.

Men skaffar du deg vernereglane for Nærøydalen Landskapsvernområde, gjeldande frå 2002, finn du regelen svart på kvitt. Akkurat dette dokumentet er neppe vanleg lesestoff blant båtførarar.

Likevel har alle som ferdast i eit slikt område, plikt til å setja seg inn i reglane som gjeld.

— Kvifor dette hemmeleghaldet?

— Vi prøver slett ikkje å halda fartsreglane hemmelege, men kvir oss for å setja opp skilt. Skal dei vera leselege på langt hald, må det bli svære skilt som ikkje tek seg særleg godt ut i eit verneområde. No har vi bede Kystverket kunngjera det gjennom sine kanalar. Og blir det skrive litt om dette i avisene også, så blir det ganske godt kjent, vonar Rein-Arne Golf.

Han er Statens Naturoppsyn sin mann i Aurland, og skal syta for alt folk respekterer vernereglane, både på fjellviddene, i dei bratte liene, og ute på fjorden.

— Og når reglane er litt meir kjende, legg du deg på lur med laser og deler ut fartsbøter?

— Nei, slike innretningar har eg ikkje greie på, men eit samarbeid med UP er ikkje av vegen.

Golf har alt fått fleire «bekymringsmeldingar» om skadar som bøljene har påført Kongevegen og andre kulturminne langs strendene. På ei utslåtte med ein stor gravhaug er det tydelege sår etter utvasking. Skadane er størst oppe ved flodmålet, men best synleg ved fjøre sjø.

Mikael Hov, ein grunneigar på Styvi som har teke på seg vedlikehaldsarbeid på Kongevegen, har sett opp gjerde slik at folk ikkje går for langt ut på kanten der det er fare for utrasing.

— Det må koma tiltak som dempar farten på båtane snarast mogeleg, elles går dette gale, seier han til Bergens Tidende.

Sjølv ferjene til Fjord1 held for stor fart i Bakkasundet. Naturoppsynet sin båt heldt i går same farten som ein av ferjene på veg ut over fjorden, og speedometeret viste i overkant av 20 km/t. Det er godt over åtte knop.

— Det har vist seg at ferjene ikkje lagar så store bøljer at dei valdar skade, men reglane er til for alle, og ferjene bør vera føredøme. Difor vonar eg at dei frå neste ruteending kan bruka meir tid på turen, kommenterer Golf.

Han er likevel langt meir skeptisk til ein westamaran som Fjord1 har i rute på fjorden. Den dreg med seg masse sjø, og veltar solide bøljer inn mot strendene.