PER MARIFJÆRENODDLEIV APNESETH (foto)

per.marifjaeren@bt.no

Nyleg tok Helse Førde i bruk si nye sjukehusavdeling på sentralsjukehuset i Førde. I motsetning til saka med kostbare designmøblar til toppleiiinga, er her gjort investeringar som kjem pasientane til gode.

For inne på venteromma, blant kreftpasientar, mammografi og hudlidingar, ventar ei kunstoppleving av den meir spektakulære sorten.

Bølgjer på data

Ei blå bølgje går i konstant rørsle over tre svære flatskjermar på venteromsveggen. Av og til roleg og duvande, til andre tider vill, kaotisk og frådande. Naturlege som rørslene ser ut, er dei likevel hundre prosent digitaltskapte og utrekna ned til minste dråpe.

Mannen bak verket «Bending Water» er Sven Påhlsson, blant dei fremste på den internasjonale arena når det gjeld elektronisk kunst, digitalgrafikk og 3D-animasjonar. Han er svært nøgd med det han har fått til på venterommet i Førde.

— Dette er rett og slett ei datasimulering av naturkrefter. Det er nesten ufatteleg komplekst, og krev ei enorm datakraft, fortel Påhlsson, som har base i Oslo og New York. - Eg har brukt 30 datamaskiner og elleve månader på å lage dette. For berre to år sidan ville det vore heilt umogeleg å få det til, reint teknologisk.

På dråpenivå

Skjult bak veggen med flatskjermane surrar tre harddiskar som leverer datakrafta som trengst til å vise fram kunstverket, som går i syklusar på 40 minuttar.

— Eg har utvikla ein metode for å synkronisere rørsla på fire meter over dei tre skjermane. I prinsippet er det ingenting i vegen for å gå ut i store breidder og fleire skjermar, seier Påhlsson.

Metoden vart til medan Påhlsson arbeidde ein periode som professor på den franske kunsthøskulen Le Fresnoy. Kunstnaren fortel at rørslene i vatnet er berekna ned til dråpenivå, ved hjelp av eit dataverktøy som er laga for å simulere energiopptak i væsker og gassar.

— Eg simulerer korleis vatnet oppfører seg ved ulike påverknader. For eksempel er energien frå ein tornado på fem sekundar tilført vatnet. Det er spennande å utforske det som ikkje går an i den verkelege verda.

Bølgjene på veggen blir projisert i ti gonger saktare rørsler enn det naturlege.

Der ingen vil vere

Påhlsson meiner det er viktig å ta omsyn til miljøet som kunstverket skal fungere i.

— Folk som sit i eit venterom på eit sjukehus er i ein heilt spesiell situasjon. Normalt er dette ein plass der dei ikkje har spesielt lyst til å vere. Eg håpar at bølgja får ein positiv funksjon, og at det er med til å skape ro og ettertanke hjå pasientar og tilsette.

I tillegg til Påhlssons arbeid er dei nye avdelingane også utsmykka med verk av Britt Smelvær og Per Berntsen. Førstnemde med skulpturelle vegginstallasjonar, sistnemde med landskapsfotografi.

— Vi er i alle fall utruleg godt nøgde, seier leiar i utsmykkingsnemda ved Førde sentralsjukehus, Solrun Ullaland. - Vi føler at det gjev oss ro, og at det passar svært godt inn i arealet.

Den kunstnarlege utsmykkinga av nybygget skal offisielt innviast 27. september.