Tiltalte deltok laurdag 26. august i fjor på ein låvefest i Skjoldastraumen i Tysvær. Fram mot midnatt inntok han rundt åtte halvlitrar med øl, og i tillegg ein del brennevin. Han har fortalt at han ikkje hugsar noko av kva som skjedde etter alkoholinntaket, men har sagt seg skuldig i vald mot fornærma.

Blødde kraftig

Fornærma fortalte i retten at han møtte tiltalte på veg tilbake til låven etter eit dobesøk i fri natur. Brått, og utan varsel, vart han slått ned med knytta hand. Slaget trefte under haka, like ved hake-spissen. Dommen refererer til overfallet som eit regulært uppercut-slag. Slaget skal ha gjort fornærma fortumla, og han blødde kraftig frå eit djupt, tre centimeter langt kutt. Han måtte til sjukehus for å sy tre sting og har framleis plager, spesielt ved barbering.

Retten finn det heva over all tvil at til-talte handla forsettleg, ettersom han var klar over at slaget sikkert, eller sterkt truleg, kom til å medføra skade. Med-vitsløyse eller nedsett medvit som følgje av sjølvpåført rus fritek ikkje for straff.

Skjerpande

Retten finn det også klart at handlinga er gjort under særdeles skjerpande omstende, ettersom tiltalte angreip fornærma utan grunn. Dei kjente ikkje kvarandre, hadde ikkje vore i kontakt i løpet av kvelden, og der finst ingen haldepunkt for at fornærma på nokon måte har oppført seg negativt overfor tiltalte.

Ved straffutmålinga legg fleirtalet vekt på at tiltalte i 2005 vart domfelt for uprovosert legemsfornærming. Saksfor-holdet den gong har store likskapstrekk med det ferskaste overfallet.

Den tiltalte 19-åringen vart dømt til fengsel i 75 dagar, men han fekk 45 dagar utsett med ei prøvetid på to år. Han er også dømt til å betala saksomkostnader på 2000 kroner.