Det har kome overraskande på dei fleste at den ekstreme gruppa Boko Haram, som verka som ein ganske forvirra bande, nå ser ut til å ha etablert seg som ein maktfaktor over eit større område i Nordaust-Nigeria. Men denne rørsla går inn i ein lang tradisjon av islamske rørsler i dette området, og vi må forstå historia deira i lys av denne ­tradisjonen.

Islam kom til regionen rundt Tsjad-sjøen alt for tusen år sidan. I den første tida var det mest kongane og aristokratane i dei store rika der som omvende seg, men frå 1500-talet hadde også store delar av folk flest blitt muslimar. Rett nok var det islam med store innslag av før-islamsk magi og ritualar, og rundt 1800 oppstod det ei islamsk reformrørsle under teologen Uthman dan Fodio (død 1817) som ville ha ein praksis meir i tråd med teksta.

Dei vann raskt fram, og samla stordelen av området i eit sultanat, Sokoto-riket, som styrte gjennom 1800-talet og også spreidde islam lenger sørover i det som nå er Nigeria.

Britisk koloni

Då britane tok området i 1903, gjorde dei ikkje store endringar i styresettet. Det som nå var blitt til eit aristokrati i Sokoto og emirata under dei, og også i ­naboriket Bornu i nordaust, vart til tradisjonelle herskarar og styrte vidare under britisk kontroll.

Britane slo det muslimske nord saman med det før-islamske og åndetru, men etter kvart kristne sør, til ein koloni, Nigeria. Men dei bygde styret sitt mest på dei utvikla statsstrukturane i nord.

Under det britiske styret vaks det fram ein velståande ­muslimsk middelklasse, og i den første tida etter sjølvstendet i 1960 var det muslimane i nord som dominerte Nigeria. Men etter kvart flytta det økonomiske og politiske tyngdepunktet seg mot det sørlege Nigeria.

Bokstavtru: Yan Izala

Det førte til at nye krefter ut­fordra den religiøse makta til den tradisjonelle muslimske eliten. I 1978 vart rørsla Yan Izala danna av ein velkjent religiøs lærd, Abubakar Gumi. Dei reagerte på at muslimane mista makt til det kristne sør, men kravde også reform av islam meir i tråd med tekstas ord.

Særleg kritiserte dei dei folke­lege sufi-rørslene, som også stod sterkt hos dei tradisjonelle. Deira helgendyrking var overtru, sa Izala-folket.

Yan Izala var likevel først og fremst politisk. Gumi argumenterte til dømes sterkt for å få muslimske kvinner ut og til stemmeurnene for å styrke muslimane i rivaliseringa mot sør. Rørsla hadde ganske stor oppslutnad, spesielt hos ­studentar og i ein middelklasse som fekk forverra levekår. Men Gumi vart etter kvart kritisert for å stå for nær den muslimske militære eliten, og det braut ut meir radikale studentgrupper som støtta Khomeini-styret i Iran ( Yan Shia ).

Magi og revolt: Maitatsine

Yan Izala vart også svekkja av at det på same tid oppstod ei langt meir radikal rørsle rundt ein omvandrande tiggarmunk, Muhammad Marwa. Han hadde noko religiøs trening, men samla rundt seg arbeidslause, fattige ungdommar ved å angripe dei rike, dei velståande muslimane i byane som kopierte den ­korrupte livsstilen til Vesten.

«Gud fordømme dykk» sa han til alle, og vart kjent som Meistaren i fordømming, Mai tatsine . Bodskapen var radikal: Armbandsur, bilar, syklar, ­knappar, alt var vestleg og synd, dei som brukte slikt var vantru.

Han var ikkje så bokstavtru som Yan Izala, tvert om brukte han både magi og endra muslimske bodord etter eige ønske. Hans folk skulle be mot nord og ikkje mot Mekka. Rørsla hans førte til store opptøyar mot dei rike både i heimeprovinsen hans Bornu, men også i meir velståande byar som Kano. Det var helst eit fattigdomsopprør, og styresmaktene fekk si del av skulda for at det fort kom ut av kontroll, ved at dei slo unødig hardt ned på all protest.

Rundt 5000 mista livet. Maitatsine vart drepen i 1980, og etter det døydde rørsla ut, men det oppstod fleire tilsvarande opprør utover 1980-åra, med store tap av menneskeliv.

Boko Haram, første versjon

Ti år seinare samla mange i Bornu seg rundt den sjølvlærte salafisten Muhammad Yusuf. Rørsla hans liknar mykje på Maitatsine-opprøret, ikkje minst i at det har den same sosiale bakgrunnen i fattige ungdommar i byane, som livnærte seg ved religiøse almisser. Yusuf agiterte på same måte mot dei rike som var blitt vestlege, men var ikkje så radikal anti-modernist som Maitatsine.

Bilar og mobiltelefonar, ja, teknologi i det heile, var i orden — det var vestleg vitskap som motsa Koranens bokstav (som at regn kjem av fordamping) som var feil.

Dei kalla seg Foreininga for preiken og jihad, på folkemunne vart ho nedsetjande heitande boko haram . Boko er det engelske book, og det er altså vestlege bøker som skal vere haram, forbode. Yusuf sa det muslimske samfunnet var korrupt og måtte reinskas ved jihad .

Etter å ha samla støtte ved å drive velferd mellom fattige og agitere for rein islamsk praksis, starta han i 2009 aksjonar mot politiet. Dei slo like hardt tilbake nå som i 1980, og i omfattande kampar vart 700, mellom dei Muhammad Yusuf, drepne. Ei hard utreinsking følgde, og dei fleste meinte at gruppa var borte med det.

Boko Haram kjem tilbake

I staden viste det seg at fleire hadde redda seg i eksil, mange truleg til nabolandet Kamerun. Under leiing av Yusufs nest­kommanderande, Abubakar Shekau, kom dei tilbake to år etter og begynte å ta hemn for drapet på Yusuf og forfølginga etterpå. Dei angreip ikkje berre politi, men også bankar, skular, universitetet og ikkje minst k­yrkjer for den kristne minoriteten i nord.

Meir og meir vart også sivile mål ramma, tydeleg for å skape kaos og frykt. Ikkje lenge etter starta dei første halshoggingane, først som del av interne oppgjer, og gruppa vart meir og meir valdeleg.

I det siste året har så gruppa klart å etablere seg og ta kontroll over eller ha innverknad i ­ganske store område i nordaust-Nigeria, ved hjelp av ekstrem brutalitet - som i bortføringane av skulejenter. Dei har blitt latterlig­gjort som ville bandar. Men dei står også i ein tradisjon av konservativ, salafistisk, islam. Dei angrip kristne som har flytta inn frå Sør-Nigeria, men det viktigaste målet deira er muslimar som praktiserer ein for liberal islam, og spesielt den vantru staten.

Kritikk av føderalstaten er ein tradisjon tilbake til Yan Izala-­reformistane. Men mens dei første vil ha innverknad, nektar Boko Haram å anerkjenne staten og vil ha sitt eige kalifat. Sosialt er dei meir knytte til Maitatsine-tradisjonen av opprør frå ­marginale ungdommar med større eller mindre islamsk opplæring, grupper som det ikkje blir færre av.

Måndag 23. februar arrangerer BT Allmenningen debattmøte om Boko Haram på Litteraturhuset i Bergen kl. 19.00.

NETT_Nigeria_Born_Afrika_kart.jpg