Først sa kommunen nei takk.Forståsegpåarar, som ikkje eingong ville kalle verket for kunst, pusta letta ut.

Men som kjent, nei er ikkje alltid nei.

På dette tidspunktet i fjor framstod eks-bokhandlar Bjarne Huus som situasjonens redningsmann. Han overtok like godt heile Torsheim-statuen.

Kunstnaren skulle få sitt monument i heimbygda; Huus ville nemleg plassere den 2,3 meter høge bautaen heime i sin eigen hage.

Dei fleste trudde no at krisa var over, og takka mannen i sitt stille sinn.

Det blir lett noko beklemmande med folk som tilbyr sine arbeid i øst og vest, som stiller utanfor konkurranse. Ein Gjest Baardsen her, eit heksemonument der.

No slapp i alle fall fylkessenteret å plassere den digre steingreia i det offentlege, samtidig som Torsheim likevel kom på sokkel i bygda.

Men så enkelt skulle det ikkje bli. Liksom sin kollega i Kabul, så har Huus møtt problem på heimebane. Uventa problem, skriv han i brevet til Førde kommune, utan å gjere nærare greie for akkurat det.

Han ber kommunen om likevel å finne ein offentleg plass til stein-Torsheim. «Våre rådgjevarar er godt nøgde, og seier at den bør plasserast i det offentlege rom», heiter det i brevet.

Kven desse nøgde rådgjevarane eventuelt er, blir ikkje opplyst.

Og oppi all sin iver etter å få steinen utplassert i det offentlege rommet, har ikkje Huus vore spesielt villig til å kommentere saka offentleg.

Såleis legg han spørsmålet om kva som forhindra den planlagte hageplasseringa opent for spekulasjonar. At det kravde både sprenging og planering av hagen har vore eitt forslag. Er det tilfelle, bør kanskje kommunen ile til og bistå Huus i dette praktiske arbeidet.

Personleg hellar eg til at nokon i eller rundt huset hans eigentleg godt kan tenke seg å unnvære den 2,3 meter høge steinklossen av ein karikert Torsheim like utfor husveggene.

For sjølv ikkje patriarken Huus kan måle seg med sin muslimske kollega i Kabul når det gjeld makt og kontroll i dei heimlege omgjevnadene. Det kan dei færraste av oss.

Uansett — Torsheim som hagenisse vart tydelegvis eit problem for Huus.

Men Huus fann altså vegen ut av uføret. Han lanserte ideen om ein Nynorskens Skog på elvekanten i Førde, med Torsheim-bautaen som sentralt innslag. Og da han såg Torsheims 65-årsdag nærme seg raskt, vart både rådmann og ordførar kontakta. Dermed vart det hastesak, framlagt på rekordtid for eit nølande kulturutval.

Her var inga tid til kunstfaglege kvalitetsvurderingar, utlysing av konkurranse, uavhengig fagjury eller andre normale prosedyrer når våre offentlege rom skal utsmykkast.

Så sat dei der då, kommunekulturpolitikarane, og følte seg i ei frykteleg klemme. Kunne kommunen fornærme sin store kunstnar ved å seie nei til monumentet, no like før den store 65-årsdagen og allting? Ja det skulle det tatt seg ut!

Bokhandlaren i Førde viste seg å ha dei nødvendige politiske venene i kulturutvalet. Eit nølande Høgre-medlem vart snakka over på rett side, og vips var det fleirtal 4-3 for å ta imot Torsheim i stein og stål.

Pussig er det å registrere at også dei medlemmene av kulturutvalet som eigentleg var imot bautaen, røysta for. Usemja må for all del ikkje visast fram for ettertida, spesielt ikkje i så følsomme saker.

Slik sett har jo taliban og lokalpolitikken i Sunnfjord noko til felles.

Og så er det jo kjekkast når folk er samde, ikkje sant.

Og Torsheim sjølv, kva med han?

Han traskar framleis sine vante stiar rundt om i Førde. Lys levande, med raudt halstørkle, svart jakke og brun skulderveske.

Betre monument skal du leite lenge etter, spør du meg.