Skald og Selja, dei to lokale forlaga i Sogn og Fjordane, satsar begge tungt på innskrivinga av Nærøyfjorden på verdsarvlista til Unesco.

Bonden på Styvi, Botolv Hov, har sjølv skrive boka om den veglause garden midt i verdsarvlandskapet. Garden har vore i slekta sidan 1600-talet, men Kjellaug og Botolv Hov tok over i 1982. Medan staden tidlegare var ein sentral plass i Sogn, er 5748 Styvi no minste postkontoret i landet med berre to kundar.

Historikaren og forfattaren Johs. B. Thue har laga turistboka om Nærøyfjorden. Ei kompakt, lita bok som dei reisande kan ta med seg heim som minne om ein storslegen fjord. Boka er utgitt både på norsk og engelsk, og vil venteleg bli omsett til fleire ulike språk. I alle fall om suksessen blir like stor som med Thues tilsvarande bok om Flåmsbana. Den er no utgitt både på engelsk, tysk, russisk, kinesisk og japansk.

Selja Forlag har satsa på praktutgåva. Som tidlegare nasjonalparkforvaltar har forfattar Tom Dybwad arbeidd med vern og verdsarv i Nærøyfjorden sidan 1988. Samarbeidspartnaren hans om praktbokprosjektet har vore naturfotograf og folkehøgskulelærar Finn Loftesnes frå Sogndal. Boka blir lansert som standardverket om fjordlandskapet i Aurland.

Også fjellvegen mellom Aurland og Lærdal har fått si bok, ført i pennen av Hans H. Thyri. Dette er ein av dei høgastliggjande fjellovergangane i landet som no har fått status som nasjonal turistveg. I tillegg har Åsmund Ohnstad komme med bygdebok for Undredal og Nærøy. Den tek for seg alle gardane i Undredal og Nærøyfjorden.