Bibliotekar Margrethe Øhlander Ask melder om god respons og mykje folk i starten av feriemånaden juli. Folk er interesserte i alle typar bøker. Det går mykje i krim og hagebøker. DVD går det litt mindre av og det tyder kanskje på at folk helst nyt sommaren med ei god bok på terrassen?

Opningstida for folkebiblioteket i perioden 20. juni til 20. august er kl 10-15 tysdag, onsdag, torsdag.

Velkomen til eit sommarbesøk i biblioteket!

Bibliotekar Margerethe Øhlander Ask har travle dagar i feriemånaden juli.
Ella Marie Brekke Vangsnes