Fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har berre pengar til den første vårturen i 2003. Deretter kan det bli stopp for det flytande bibliotektilbodet langs vestlandskysten.

— Akkurat no brenn det eit blått lys for bokbåten. Skal det bli drift etter vårturen neste år, må fylkespolitikarane løyve meir pengar, konstaterer fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt i Hordaland.

Biblioteksjefane i dei tre fylka har drøfta situasjonen, og kjem til å be om meir pengar til drifta.

Mindre frå staten

I dei tre fylka som samarbeider om bokbåtdrifta, er situasjonen mykje den same. Hordaland manglar 160.000 kroner. I Sogn og Fjordane er mankoen omtrent like stor. Møre og Romsdal ligg betre an, men også der må politikaren plusse på løyvingane.

Dermed blir det opp til fylkeskommunen og kommunane å finne pengar på frå før barberte budsjett.

Ein av grunnane til at bokbåten no lever i uvisse, er at Stortinget i fjor gjorde om det øyremerka tilskotet til drifta til rammetilskot.

Kor mykje pengar kvart fylke får, blir rekna ut etter innbyggjartalet.

For Sogn og Fjordane har dette gitt som utslag at tilskotet til mobile bibliotektenester blir meir enn halvert. Tilskotet skal dekke både bokbuss- og bokbåttenesta.

Dyrare leige

Men i tillegg til reduserte overføringar frå staten, vil eigaren av «Epos», Knut Jørgen Svåsand frå Strandebarm, ha meir pengar for å leige båten til bibliotekdrift. Til Bergens Tidende seier Svåsand at han har levert eit budsjett der fylka frå neste år må ut med nær 11.000 kroner i døgnleige, mot like i overkant av 10.000 i år.

— Den avtalen eg har om bokbåtdrifta i dag, går rett og slett ikkje i hop. Eg kan ikkje drive med tap, seier Svåsand.

Biblioteksjefane i dei tre fylka har etter det Bergens Tidende kjenner til, akseptert reknestykket Svåsand har sett opp.

— Vi ser ingen grunn til å prute på den prisen vi har fått frå båteigaren. Når vi no har sagt opp avtalen, er det for å komme i posisjon til å forhandle fram ein ny. Frå vår side ser vi dette som ei sak der politikarane i dei tre fylka rett og slett må bestemme seg for om dette er eit tilbod dei vil ha, seier Ørnholt.

Små plassar

Sidan 1963 har «Epos» to gonger om året besøkt små plassar i dei tre vestlandsfylka som ikkje har vanleg bibliotektilbod. Både øyar ytst i havgapet og småbygder inst i fjordarmane får besøk av båten. I Hordaland er det 52 stoppestader i 21 kommunar. I Sogn og Fjordane klappar båten til kai 38 stader i 14 kommunar.

Tilbodet er svært populært. Då Møre og Romsdal fylkeskommune for to år sidan la ned bokbåtdrifta i sitt fylke, blei det sett i gang underskriftsaksjonar. Politikarane bøygde av for proteststormen, og «Epos» kom i rute att langs mørekysten.

Den vestlandske bokbåten er ein av svært få flytande bibliotek som finst i verda. I skjærgarden ved Stockholm er eit tilsvarande tiltak i drift. I tillegg finst det bokbåtar i Canada, Thailand og Alaska.