TERJE ULVEDAL

Knappe tre år sidan bokbåten sist var nær ved å havarere, er det skapt ny uvisse om det unike kulturtiltaket på vestlandskysten. Fylkesrådmann Per Drageset meiner Sogn og Fjordane ikkje lenger kan sjå seg råd til å betale den millionen det kostar fylket å vere med på drifta.

— Bokbåten må no vike, skriv rådmannen i tilrådinga til fylkesbudsjett for 2005.

Det er fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som samarbeider om det flytande bibliotektilbodet til småstader og utkantar utan vanleg bibliotektilbod. Like sidan 1963 har «Epos» to gonger om året besøkt både øyar yttarst i havgapet og småbygder i dei inste fjordarmane. I Hordaland har båten hatt i overkant av 50 stoppestader i 21 kommunar. I Sogn og Fjordane har båten lagt til ved kring 40 kaier i 14 kommunar.

Dei siste åra er det gjort fleire forsøk på å avvikle bokbåtdrifta. For fire år sidan prøvde Møre og Romsdal seg. Det enda med underskriftsaksjon, og fylkespolitikarane bøygde av for proteststormen.

Også for vel to år sidan stod bokbåten i fare. Den gongen reduserte staten tilskotet til mobile bibliotektenester, og brått var det for lite pengar til drifta. Også då blei reaksjonane sterke. Til slutt kom pengane på plass, mellom anna med hjelp av støtte frå næringslivet.

No er det Sogn og Fjordane som bles liv i debatten om eit kulturtiltak som, utanom vestlandskysten, berre finst Canada, Thailand, Alaska og i skjergarden utanfor Stockholm.

Leiga av bokbåten kostar kring 700.000 kroner i året. I tillegg kjem utgifter til bokkjøp, kulturprogram og reise- og diettgodtgjersle for dei tilsette. I sum kostar bokbåtdrifta Sogn og Fjordane fylkeskommune kring 1 million kroner i året.

— Vi har ikkje drøfta dette med samarbeidspartnarane i Hordaland og Møre og Romsdal. Den eksisterande leigeavtalen med eigaren av båten går ut på ettersommaren 2005. Innan den tid må vi ta dette opp med dei to nabofylka, seier økonomisjef Tore Eriksen.