— Blir det sjøkabel, er dette møtet med grunneigarane bortkasta. Blir det luftline, så vil ikkje vi på nokon måte medverka, seier Sjur Uppheim, leiar for grunneigarlaget aust for Tysso.

Grunneigarane vil avventa neste trekk frå Statnett, om så det er innkalling til skjøn frå Sorenskrivaren i Hardanger.

På tur med Sjur

Sjølv vil Uppheim neppe få ei krone i erstatning, men meiner at ei luftline vil påføra han tap, også økonomisk.

— Den lina som har fått konsesjon, smyg seg innimellom teigane mine, men går ikkje over min eigedom. Men lina er øydeleggande for mi smålåtne turistverksemd «På tur med Sjur».

- Kva går det ut på?

— Eg tek turistar med på tur til stølen min, Søtnos. Der traktar eg stølskaffi og serverer kaker. Så går vi tur nedover buførevegen. Kraftlina vil følgja oss heile vegen.

Utan påverknad

Sjur Uppheim er fullt klar over at boikottlina gir grunneigarane minimal påverkningskraft på masteplasseringa dersom luftlina likevel kjem. Likevel meiner han det er rett med maksimal motstand.

— For eit grunneigarlag er situasjonen håplaus. Vi kan ikkje be Statnett flytta mastene frå Hans sin grunn, og over på han Knut. Begge er likeverdige medlemer i laget, påpeikar Uppheim.

- Blir du skuffa dersom medlemer ignorerar styret si oppmoding, og stiller på møtet?

— Nei, vi respekterer den einskilde sin rett til eiga meining. Eg ser ikkje bort frå at dei som møter, er motstandarar som oss andre, men har trong for meir detaljinformasjon. Enkelte bli hardt råka av mastene, andre mindre, seier Uppheim

Medlemene av heradsstyret er oppmoda av ordføraren til å møta. Ulvik herad er ei stor grunneigar .

Berre kommunepolitikarar møtte då Statnett inviterte grunneigarane i Ulvik og Eidfjord til møte om kraftlina Sima-Samnanger.

19 personar møtte den tolv mann sterke delegasjonen frå Statnett i Konferansesenteret i Ulvik i kveld. Nokre av medlemene av heradsstyret og fjellstyret er rett nok også grunneigarar, men grunneigarlaget sin boikott av orienteringsmøtet var effektivt. Frå Eidfjord møtte berre ordføraren, men der er det heller ikkje mange grunneigarar utanom Statkraft.

Til møtet var det sett fram 100 stolar framfor skiljeveggen og ytterlegare 200 var oppstilt bak. Men det var aldri aktuelt å heva veggen.

Boikotta Statnett

— Vi kan berre invitera, Så må det bli opp til dei inviterte om dei vil møta, seier Lars Aga, byggjeleiar for kraftlina.

Dei fire grunneigarlaga i Ulvik har oppmoda medlemene sine til å boikotta Statnett sitt møte i Kongressenteret.

— Det var aldri på tale for Ulvik herad å boikotta dette møtet. Heradet har stilt på alle møte med Statnett. Dei som hevdar noko anna, tek feil, seier ordførar Mona H. Hellesnes.

— Det vi har nekta, er å diskutera luftspenn på desse møta. Vi har gjort det klinkande klart at sjøkabel er det einaste alternativet vi kan akseptera, legg ho til. Hellesnes synest det er fint at grunneigarane står fast på boikottlinja.

— Slikt står det respekt av, seier ho.

Fleire møte

Liknande møte skal haldast i Granvin onsdag kveld, og i Kvam torsdag. I Kvam kan møtet få ein annan karakter, sidan det er bestemt å bygga den ti kilometer lange strekninga frå Børdalen i Samnanger til Mødal på Kvamskogen.

I dei tre andre kommunane er luftlina uaktuell dersom det blir lagt sjøkabel.

Grunneigarane vil få varsel om oreigning og skjøn også i desse kommunane, men varselet kan leggjast til side dersom det blir sjøkabel, understrekar kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett.

Han skulle gjerne ha sett fleire grunneigarar i salen, men legg vekt på at dei som møtte gav uttrykk for at dei fekk nyttig informasjon.

— Møtet vart halde i ein god atmosfære. Den som måtte ha frykta aggresjon og agitasjon, tok feil, seier Akselsen.

Synspunkt på saka? Sei meininga di.