ARNE HOFSETH (tekst og foto)

— Dei kostar berre 40 kroner for paret, så du kan ikkje hevda at det svir på pungen, seier vossajenta på 62. Ho sluttar seg til bøndene som kjem til byen i dag og held det gåande med tradisjonsmat i tre heile dagar til ende.

To vêrabodlar vert servert med potetsalat, viltsaus, tyttebær og ein dusk persille. Ågot tek oppstilling på Bryggen saman med smalahovekongen og andre som har plassert seg under «paraplyen» Vossameny. Her reiser Vestnorsk Kulturakademi eit svært grindbygg for tradisjonsmatservering.

— Men vêrabodlar har vel ingen tradisjon som mat, heller ikkje på Voss?

— Nei, eg kan ikkje dokumentera at det er servert ein einaste vêrabodl her i landet før vi steikte til mannen min sin femtiårsdag på Rong Fjellstove i 1988. Men det er ein populær rett på Island, og det er store sjansar for at dei tok med seg skikken frå Noreg, bortforklarer Ågot.

— Bodlar er internasjonalt, og dermed er også matretten det, meiner Ågot Himle, som sjølv har lært oppskrifta i Chile, dit internasjonalt engasjement har ført henne.

Ho har no overteke fjellstova heime i Bordalen på Voss, og døypt henne om til Rongastovo. Først ville ho berre ha kvinnelege medeigarar, men så vart dette brotet på likestillingslova eit finansielt problem. Difor kan også karar teikna partar i Rongastovo fram til 10. september. Sidan bydelen hennar er nedlagt, tyder mykje på at den neste arbeidsplassen blir her ute, 15 kilometer sørover Bordalen frå Vossevangen.

På kjøkenet inne i fjellheimen vart det i går steikt hundrevis av vêrabodlar til Bønder i byd'n-tilskipinga. Steikeosen dreiv så tett at brannalarmen larma. Men når slikt ligg på steikepannene, sit kommentarane laust, og latteren er aldri langt unna.

UFLÅDD: - Dei ser meir delikate ut flådde og steikte, med potetsalat, viltsaus, tyttebær og ein dusk persille, seier Ågot Himle som har dravlespannet fullt av uflådde vêrabodlar.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH