• BASSENGVASK: For å fanga giftmassar frå skytebanen på Tittelsnes blei det laga eit eige basseng, som Tor Olav Rykkjelid frå Norsk Saneringsservice as her er oppi. FOTO: Skifte eiendom

Blytung ryddejobb i gamle synder

1500 tonn blyforgifta jord er skrapt av og køyrt bort. Tittelsnes skyte- og øvingsfelt er ferdig sanert. Men Forsvaret har enno mange andre gamle skytesynder å rydda opp i.