«Thank you for selecting the best bullet on the market», står det utanpå emballasjen. Inne i eska ligg presisjonsdreia jaktammunisjon som skal vere konkurrentane overlegen.

— Hjortejakta er i full gang no. Sjå det som mitt bidrag for å hindre skadeskyting, seier våpensmed og jaktentusiast Kjell A. Tonheim.

Spesialtilpassa ammunisjon

I ein liten verkstad i eit industribygg i Eikefjord, Flora, står Tonheim ved dreiebenken. Her driv han saman med sonen våpensmia Arms & Ammo As, og sidan 2004 har han produsert spesialtilpassa kuler for alle tenkjelege typar storviltjakt.

— Marknaden min er hovudsakleg i Norge og Skandinavia. Rundt 15 prosent av storviltjegerane er perfeksjonistar og ladar sine eigne patroner, seier Tonheim, som meiner at dei gamle typane ammunisjon som mange jegerar framleis brukar, langt frå er god nok i dagens høghastigheitsvåpen.

Firmaet bak kuleproduksjonen heiter Performance Bullet Production AS, og er eigd 51 prosent av Tonheim og 49 prosent av industrikonsernet INC. Som pasjonert storviltjeger i inn- og utland sakna Tonheim den typen kuler han no sjølv produserer.

— Det er ei drastisk handling å ta livet av store pattedyr. Derfor pliktar jegeren å ta det alvorleg, og å bruke det beste og sikraste utstyret som er tilgjengeleg, seier jegeren, våpensmeden og kuleprodusenten.

Terminalballistikk

Han tek ein pause frå dreiebenken. Han snakkar varmt om produktet sitt, viser til ei rekke testar som skal prove kor bra det er samanlikna med tradisjonell ammunisjon frå næraste sportsbutikk.

— I mitt fag må ein ha kontroll over dei tre ballistiske elementa, seier han.

— Og det er?

— Innerballistikk, ytterballistikk og terminalballistikk. Skal du ha ei kule som fungerer, så må du forstå dette.

— Jaha?

— Det første er korleis kula oppfører seg før den forlet våpenet. Det andre er luftreisa. Det tredje, terminalballistikk, er kva som skjer med prosjektilet inne i dyret du har skote, forklarer han tolmodig.

Forutan maksimal presisjonen er det om å gjere at prosjektilet drep dyret raskt, og samtidig ikkje knuser meir mjukvev enn høgst nødvendig.

— Kopar er bly overlegent i høge hastigheiter. Vi er dei einaste som dreier kuler i kopar her i landet, og kan etter kvart konkurrere med dei beste blyalternativa også på pris, seier han.

To jobbar

Tonheim veit at sjølv om produktet er aldri så godt, så må det også fungere økonomisk. Så langt har eigarane berre tapt pengar på kuleproduksjonen. Men både han og medeigaren INC har tru på at selskapet skal kome opp og stå, og har ein lang horisont på satsinga.

I 2005 var resultatet før skatt minus 158.000 kroner, i fjor minus 98.000 kroner. Men børsemakaren er optimist. Han produserte 50.000 kuler i fjor, og volumet må opp.

— Vi driv nyskaping, og konkurrerer mot gigantane. Vi kan ikkje rekne med å tene pengar dei to-tre første åra, seier han og legg til: - Jakt- og sportskjeda XXL har nettopp tatt inn mi kule som sitt topprodukt innanfor varegruppa. Dette er eit stort og viktig steg.

Utan INC i ryggen hadde det aldri gått, vedgår børsemakaren, som brukar all fritid i verkstaden eller ute på jakt.

— Eg har ein jobb i Nordsjøen som eg lever av, og ein jobb her som eg lever for, oppsummerer jakt- og våpenentusiasten.

VÅPENSMED VED DREIEBENKEN: Som faglært børsemakar og pasjonert jeger veit Kjell A. Tonheim det meste om kva som krevst av utstyret. Han driv firmaet i Eikefjord saman med sonen Ørjan.
oddleiv apneseth
FØR OG ETTER: Ballistikk er læra om korleis prosjektil bevegar seg. Frå venstre ei ny kali-ber 416, 300 grain ekspanderande koparkule. Dei to neste prosjektila er tilsvarande, men henta ut av afrikansk nasehorn, skote på hhv. 15 og 30 meters hald. Måten prosjektila blir deformert inne i dyret er vitskap for kuleprodusenten i Eikefjord. Heilt ute til høgre ei kaliber 458, 430 grain massingkule berekna på tjukkskinna afrikansk vilt.
oddleiv apneseth