— Du må berre prøva å røra ei einaste av dei skogfruene «mine», så skal du sanneleg få merka det, seier Turid Wollestad til Bergens Tidende.

Vill orkide utanfor vinduet

Frå kjøkenglaset sitt i Hardangerfjordvegen 1111 i Ålvik har ho direkte utsyn til det flottaste eksemplaret av Kvit skogfrue (Cephalanthera longifolia), ein plante i orkidéfamilien, langs heile vegen. Dette individet har sju stenglar med opp til 20 blomar på kvar. Dei aller fleste har berre ein stengel.

— Dette er nok morplanten til dei fleste kvite skogfruene i dette villastrøket, seier botanikar Per H. Salvesen ved Universitetet i Bergen.

Sist sundag leia han ein dugnadsgjeng for å kartlegga «fruene» i regi av Botanisk forening. Åtte gjengar på kvar si strekning av riksveg 7 frå Fyksesund til grensa mot Granvin registrerte til saman 499 individ.

I full blom til helga

— Vi bomma nok ei veke på tidspunktet. Våren kom seinare i år enn i fjor. Framleis er mange plantar sterile, og svært vanskeleg å få auga på. Komande helg kjem dei i blom, og vi ville sikkert ha registrert opp mot 1000, seier Steinar Skrede i Botanisk forening.

Eit femtitals skogfruer vart observert der riksvegen går gjennom villastrøket med mange funkishus i Ålvik. Men største biotopen er lengre aust, i stigninga opp mot pensjonatet. Rett nedunder frukthagen til Ingebjørg Lilletveit i Vetletveitvegen 74 talde Salvesen 169 individ på eit lite område.

— Her er vi utan tvil rett under ein primærbiotop, seier botanikaren.

Bilar spreier frø

Vegkanten er slett ikkje yndlingsplassen for den freda orkidéplanten. Men her har han overlevd i Hardangerklimaet, i solvende vegskråningar på nordsida av fjorden. Rotstokken har gitt nye skot og luftdraget etter bilane har ført føra med seg til nye vekseplassar langs vegen.

Tre primærbiotopar er også funne i området; i Ingebjørg sin frukthage, oppunder fjellfoten ved bensinstasjonen, og ved badeplassen nede ved fjorden. Individa på desse stadane var ikkje gjenstand for registrering denne gongen.

— Kvit skogfrue trivst best i open lauvskog, dårlegare når det gror til. Planten har vore rikt representert på slåttemark tidlegare, men er fortrengd av moderne jordbruk med sterk gjødsling og tidleg førsteslått. Det gjekk mykje betre då bøndene ikkje slo graset før blomen hadde spreidd frøa til neste generasjon, forklarer Salvesen.

Plukking forbode

No er planten så sjeldan at Regjeringa har verna han med kongeleg resolusjon. Kvam har den største kjende førekomsten i landet. Det er ulovleg, og straffbart, å øydelegga ein einaste plante, eller vekseplassen.

På dette punktet synda nok Statens Vegvesen ved vegutvidinga på vestsida av Ålvik, uvitande om dei freda plantane. Men botanikarane er meir opptekne av framtidig vern enn å gråta over spilt mjølk. Det er no laga ny plan for rydding av vegetasjon i vegkantane på strekninga. Det skal ikkje lenger brukast gift, og grasklipping skal ikkje gjennomførast før 1. juli, når frøa er spreidde.

Oppdaga på slektstemne

I Kvam herad ottast dei at dei kvite fruene kan stå i vegen for ny veg til fjells, når trallebanen i Ålvik skal avløysast. Dessutan har både kommune og fylkesmann kome i ei stygg klemme. Dei har godkjent eit bustadfelt på eit område med freda blomar. Til no har ingen bygt hus der.

Eit slektsstemne var det som skulle til for å gjera folk i Ålvik klar over det botaniske særsynet det hadde i vegkanten. Nils Fykse plukka liljekonvall til å pynta festbordet med. Ein i slekta hadde greie på botanikk, og slo alarm; det stod ein freda blom på bordet!

— Eg la ikkje merke til at denne blomen var annleis enn liljekonvallane, seier Fykse.

— Kven kan ana at ein slik blom er freda. Kven som helst kan ha plukka han i vegkanten i god tru. Men ikkje heretter. Eg skal passa på som ein smed, lover Turid Wollestad i nr. 1111.

<b>I VEGKANTEN:</b> Per H. Salvesen (t.v.) konstaterer at blomane er nesten heilt utsprotne, medan Hans A. Haugse held unna annan vegetasjon.
<b>MORPLANTEN:</b> Her er staseksemplaret ved Wollestad sitt hus. Denne planten har 6-7 stenglar med opptil 20 blomar på kvar. <br/>FOTO: ARNE HOFSETH