Terje Ulvedal

Sjølv om det berre er ein knapp halvtimes køyretur mellom Aurland og Lærdal, blir posten send Vestlandet rundt, skriv Sogn Avis. Posten frå Aurland blir først frakta til Bergen. Deretter blir han send til Florø. For så å bli send tilbake til Sogn.

I vinter har konsekvensen av timelang transport i kalde postbilar vore at blodprøver tatt ved legekontoret i Aurland har frose til is, og vore fullstendig ubrukelege då dei kom fram til sjukehuset etter vestlandsturnéen.

— Dette har ført til unødige belastningar både for pasientane og oss, seier kommunelege Trygve Ness i Aurland.

Frosne blodprøvane blir makulerte. Men i tillegg har det blitt mange merkelege resultat frå blodprøver som har komme fram i flytande form. Så merkelege at dei ikkje kan vere korrekte.

— Ja, vi har fått mange rare svar frå Lærdal. Eg er overtydd om at dette skuldast at prøvematerialet tapar seg i ein kombinasjon av lang postgang og kulde, seier Ness.

Pasientar har mellom anna fått underlege blodverdiar, noko som har resultert i mistanke om sjukdom. I slike tilfelle har pasientane blitt sende til Lærdal for å ta nye prøver, som så har vist seg å vere heilt normale.

Sjukehuset vurderer no andre alternativ enn posten for å få fram prøver frå nabokommunane. Postverket legg seg flate, og vil no gå i dialog med kundane i Indre Sogn.