Mandag denne veka fekk Reidun og ein lærarkollega endeleg avslag frå Samferdsledepartementet. All den tid begge bur i Sogndal og jobbar i Fjærland, må dei betale ca. 35.000 kroner i bompengar for å ta bilen til jobb. Andre tenlege transportmåtar finst ikkje.

Hadde dei budd i Fjærland og jobba i Sogndal, kunne dei derimot ha nytta det såkalla Fjærlandskortet. Det kostar 1250 kroner året, og då kan ein reise så mykje ein vil begge vegar.

Barriere for Sogndal

— Eg har nettopp flytta frå Fjærland til Sogndal, og kan ikkje rekne med å få behalde rabattkortet som gjeld for fjærlendingar, seier Reidun Bøyum Foss.

— Dermed må eg betale 145 kroner kvar gong eg passerer bommen nokre kilometer unna skulen i Fjærland.

Den bompengefinansierte Fjærlandsvegen vart opna hausten 1994, og framstår ifølgje Sogndal-ordførar Jarle Skartun som ei stadig større barriere for kommunen, næringsliv og turistar i regionen. Etter at kommunegrensene vart regulerte, er Fjærland i dag ein del av Sogndal kommune.

— Å ha denne bommen innanfor kommunen skaper eit kunstig skilje mellom kommunesenteret Sogndal og Fjærland, seier Skartun. - Sogndal var tidlegare positiv til bompengeordninga, men mykje har endra seg.

Bomstasjonen har fått langt større negative konsekvensar enn kva vi kunne forutsjå. Skartun peikar særleg på turistane som reagerer sterkt på dei høge satsane for å passere turistmagneten Fjærland med sitt bresenter og sin bokby.

Politisk sak

Både pleie- og omsorgstenester, landbruksvikarar og kyrkjeleg tilsette har hyppige tenestereiser til Fjærland, og må passere bommen. I tillegg kjem dei to lærarane som får ei stor ekstrabelastning.

Dei søkte kommunen om dekning for ekstrautgiftene, melder NRK. Kommunen gjekk vidare til bompengeselskapet og sidan til vegkontoret i fylket og til slutt departementet for å få ei rimelegare ordning for dei to lærarane. Heile vegen var det blankt avslag. Skartun meiner det er urimeleg å forvente at kommunale arbeidstakarar skal betale så mykje i bompengar for å reise til jobben internt i kommunen. Han tykkjer dei bør få reise på det såkalla Fjærlandskortet, på lik line med folk som har adresse i Fjærland. Desse får reise ubegrensa med kortet til 1250 kroner året.

— Eg kjem no til å forfølgje saka vidare på politisk nivå. På sikt må målet vere både å få til meir fleksible ordningar, men også å få redusert bomsatsane, seier Skartun.

DYR ARBEIDSVEG: Lærar Reidun Bøyum Foss har flytta til Sogndal, men vil gjerne halde fram ved Fjærland skule. Det kan komme til å koste henne 35.000 kroner i året.
FOTO: ODDLEIV APNESETH