Det blodige dramaet tok til i ein motellseksjon på Fleischer's ved firetida om natta. Først heiv 28-åringen eit TV-apparat gjennom vindauget. Så la stakk han overkroppen ut gjennom den knuste ruta og la kroppsvekta på glasskåra som stod att i karmen.

Det gav sterkt blødande sår i mage— og brystregionen.

Han romsterte rundt i motellseksjonen slik at vegger, golv, møblar og inventar vart tilsølt med blod. Dertil knuste han telefonen.

Då nattevakten kom til, stupte 28-åringen tvers gjennom glasfeltet på den uopna ytterdøra og la på nytt kroppstyngda på glasskår som stod att, slik at blodet spruta på gardinene. Deretter rulla han seg i glasbrota på asfalten utanfor.

Men blodspruten let seg ikkje stogga med det. Då ambulansen kom til, stupte mannen tvers gjennom den uopna sideruta på passasjersida, og landa tvers over førar- og passasjerseta framme. Dermed vart også ambulansen stygt tilsølt med blod. Mannen spratt opp medan ambulansepersonalet prøvde å gje han førstehjelp.

Ikkje lenge etter stupte han på same vis halvvegs gjennom bakruta på ein drosjebil som kom til.

Retten fann mannen skuldig i skadeverk og narkotikabrotsverk, men ikkje for brot på drukkenskapslova, då drikkevarer neppe var inne i biletet. Blodprøvene viste ingen teikn til alkohol, berre narkotika. Retten kom også til at eit åtak på nattevakten må reknast som lekamsfornærming og ikkje -skade. Det er heller ikkje ført prov for «betydeleg smerte».

Straffa vart sett til 45 dagar fengsel på vilkår med to års prøvetid, og 5000 kroner i bot. Han må også ut med 1000 kroner i sakskostnader og nær 40.000 kroner i vederlag for skader på motell, ambulanse og drosje.