Like etter klokka 3 i natt blei politiet på Stord kontakta av ein mann som var blitt slått kraftig i ansiktet.

– Han blødde kraftig frå hovudet, og blei tatt hand om av helsepersonell, seier operasjonsleiar Torger Stødle i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Han blei frakta til sjukehus for sjekk, men det skal ikkje ha blitt påvist alvorlege skadar.

Gjerningsmannen stakk frå staden, men identiteten skal vere kjend. Begge mennene er i 30-åra. Politiet har enno ikkje kome i kontakt med den utpeikte gjerningsmannen.

– Han vil bli kalla inn til avhøyr i dag, seier Stødle.

Bakgrunnen for slaget var fyll og hissige gemytt, ifølgje politiet.

Slåst etter skubbing på dansegulv

I Haugesund hamna to menn i arrest etter at dei byrja å slåst ved ein restaurant i Haraldsgata.

– Bakgrunnen var skubbing på eit dansegolv, seier operasjonsleiar.

Begge mennene er i 20-åra, og busett i Haugesund. Dei er meldt for ordensforstyrrelse.

Skalla ned i taxikø

Litt seinare på natta blei ein mann skalla ned i taxikø i Leirvik sentrum. Politiet kom til staden, og pågreip en mann i 50-åra for å ha skalla ned ein noko yngre mann. Han sit i arresten, og skal avhøyrast seinare i dag.

— Fornærma blei ikkje alvorleg skada. han veit ikkje kvifor han blei skalla ned, seier operasjonsleiar.