Det fortel Bente Kristin Øien Hauge i Lærdal til Bergens Tidende. Ho er koordinator i folkerørsla.

— Det ser ut til at alt kan rasjonaliserast her i landet, bortsett frå fjordar, fjell og ekstremvêr. Likevel blir dei sjuke meir passasjerar enn pasientar, kommenterer ho.

— Kvifor måtte Mari-Anne vidare til Voss?

— Fordi den kirurgiske akuttfunksjonen er nedlagt i Lærdal. Her er dyktige folk på medisinsk avdeling, og kirurgar som utfører førehandstinga operasjonar i ortopedi, men det manglar apparat til å ta mot akutte tilfelle. Eigentleg skulle ho ha reist til Førde, men dei fleste vil til Voss.