Flyttinga blei vedeken av formannskapet i Høyanger tysdag ettermiddag.

Nils Bjørkhaug blir flytta til sjukeheimen på Kyrkjebø meir enn fire mil unna.

Ei multihandikappa kvinne blir også flytta i første omgang, men her har formannskapet bedt helse— og sosialetaten i kommunen vurdere alternative løysingar i Lavik.

Johanna Bjørkhaug har fått tilbod om å flytte etter mannen, men ho vil ikkje reise frå famili-en og nettverket ho har i Lavik-området.

Dei pårørande har tidlegare varsla at dei vil setje seg mot pasientflyttinga når kommunens folk kjem for å leggje ned sjukeheimen i Lavik i morgon.

SKILDE: Avgjerda inneber at ekteparet Johanna (88) og Nils Bjørkhaug (90) blir skilde etter 64 års eksteskap.
FOTO: TERJE ULVEDAL