Pasientrettslova gjev pasientane rett til sjølv å velja sjukehus.

— Det går ikkje an å prioritera pasientane etter adresse, seier fylkeslege Petter Øgar til Bergens Tidende.

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane opna tilsynssak mot Helse Førde etter at det i januar i år vart kjent at Bolstad i fjor haust i ein intern e-post forlanga at pasientar frå andre fylke skulle prioriterast til ortopediklinikken i Lærdal. Direktøren ville slik auka inntektene til helseføretaket. Helseføretaka får nemleg betre betalt for å behandla pasientar frå andre helseføretak.

No ber Helsetilsynet Helse Vest sjå til at Helse Førde- direktøren og medarbeidarane hans heretter forstår og etterlever intensjonane i pasientrettslova.

Helsetilsynet har fått vurderingsskjema for 220 pasientar som vart vurdert ved klinikken i fjor haust.

Helsetilsynet har likevel ikkje funne brot på pasientrettslova.

— Det viste at kapasiteten ved sjukehuset var så stor at alle som søkte om å få behandling på sjukehuset i denne perioden var behandla i rimeleg tid. Difor vart det aldri naudsynt å avvisa pasientar, seier Øgar.

Helsetilsynet har heller ikkje fått klager i høve til manglande oppfylling av retten til fritt sjukehusval i denne perioden, skriv fylkeslegen i brevet til Helse Vest.