— Faggruppa som arbeider med ein samla plan for det ortopediske tilbodet i Helse Førde, er samde om at ortopeditilbodet i heile fylket skal sjåast under eitt, opplyser styreleiar Clara Øberg.

Helse Førde har i dag to ortopediteam i Eid og Lærdal og eitt i Førde. Tilbodet er altså best ved dei to lokalsjukehusa og dårlegast ved Førde sentralsjukehus. Gruppa som no arbeider med ortopediplanene har medlemer frå alle sjukehusa. Overlege Truls Jellestad i Lærdal er med i gruppa som blir leia av fagdirektør Hans Johan Breidablik.

— Det er også semje om at ortopedane i Lærdal bør dra til Førde for å operere. Ein veke kvar månad kan vere eit alternativ, seier Øberg.

Leiar i aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge, karakteriserer fleire av opplysningane som kom undervegs i styremøtet i går kveld som svært interessante.

— Mellom anna kom det signal om at gruppa kan kome til å gje ei delt innstilling. Det er all grunn til at vi må vere på alerten framover, slår ho fast.