Gravferda i heimbygda til den 19 år gamle jenta tek til klokka 12.

Ungdomsprest Just Salvesen skal forrette. Ved kyrkjekontoret i kommunen reknar dei med at ei fullsett kyrkje vil følgje Hedda til siste kvile.

Rektor, to lærarar og ni elevar drog ved middagstider i går med minibuss frå folkehøgskulen i Sogndal til Telemark-bygda for å ta del i gravferda.

På skulen i Sogndal blir det minnestund i dag, parallelt med gravferda på heimstaden. Etter minnestunda har skulen gitt elevane fri til tysdag.