ý Det er rått. Eg har i realiteten skrive under på at huseigaren får lov til å rane meg, seier Haugen, som flytta til Bergen i august for å studere grafisk design.Skremt av den harde kampen om hyblar før studiestart slo Haugen til på ein liten hybel i Hans Holmboes gt. 14. Rommet er på 13-14 kvadratmeter, og han delar eit lite kjøkken og eit bad med tre andre. Månadsleige inkludert straum: 3860 kroner pr. månad. «ý merarbeid og risiko» Då Haugen ganske snart fann ein rimelegare hybel saman med ein kamerat, ønskte han å flytte ut innan utgangen av august. Det vart ein kostbar affære. Etter å ha gått igjennom kontrakten med huseigar Ove Matland, endte han opp med dette: Han må betale husleige ut månaden, pluss 8800 kroner «som vederlag for merarbeid og risiko» for huseigaren, slik det er formulert i sluttavtalen. Sum: 13.860 kroner for å bu på ein liten, spartansk hybel frå 23. juli til 17. august. ý Ulovleg kontrakt Forbrukarrådet i Hordaland meiner leigekontraktane Ove Matland opererer med er fullstendig ulovlege og dermed ikkje gyldige. ý Ein kontrakt som denne har eg aldri sett før. Ho er heilt urimeleg, og klart mindre gunstig for leigetakaren enn husleigelova legg opp til. Dermed gjeld ho heller ikkje, seier jurist Knut J. Baggerånås ved Forbrukarrådet i Hordaland.Hans Holmboes gt. 14 er eit eldre tre etasjes murhus. Eigaren Ove Matland, som til dagleg arbeider med husspørsmål i Husbanken i Bergen, leiger ut sju hyblar. I tillegg bur han sjølv i toppetasjen. 15.000 i depositum Slik er dei knallharde vilkåra i Matlands leigekontraktar: * 3860 kroner i månadsleige* 15.000 kroner i depositum* Eitt års bindingstid på hybelen* Dersom leigetakaren vil kjøpe seg fri frå bindingstida, skal Matland ha 10.000 kroner, i tillegg til ei ekstra månadsleige* Alternativt beheld Matland depositumet på 15.000 kroner i inntil eitt år. I tillegg må leigetakaren kompensere for eit eventuelt tap Matland får når han må skaffe ny leigebuar.«Frikjøpet» som Haugen aksepterte, skulle eigentleg kosta han ytterlegare 5000 kroner, dersom kontrakten hadde vorte følgd ordrett. ý Ei opplagt sak Jurist Baggerånås oppmodar leigebuar Haugen om å krevje attendebetalt dei 8800 kronene han har betalt i kompensasjon, og om nødvendig gå til søksmål. ý På meg verkar dette som ei opplagt sak, seier Baggerånås.At Haugen sjølv har skrive under både på kontrakten og på at han ikkje kan gå til søksmål etter at leigeforholdet er avslutta, spelar inga rolle. ý Sjølvsagt kan han gå til søksmål dersom han meiner lova er broten. Ugyldige avtaler gjeld ikkje, dei er det berre å hoppe bukk over, seier Baggerånås.