Det er sensasjonelle mår-bilde Jan Rabben frå Stord og Ole Jakob Vorraa frå Karmøy presenterer i den nye boka «I mårskogen». Tallause overnattingar i skogen, mengder av klippekort på ferja og store summar i bompengar har gått med for å nå resultatet. Og i tillegg; kilovis med honning og fiken for å lokka den menneskesky krabaten framfor fotolinsene.

— Vi visste at han var ein søtmons, eg trur vi har brukt i alt halvtanna tonn med fiken. Men måren er så sky at det tok eit par år før vi fekk sjå han første gong. Det er ikkje utan grunn han blir kalla Skogens skugge, seier Jan Rabben.

Sjuårig prosjekt

I sju år har Rabben og Vorraa jobba med mårprosjektet. Etter mange mislukka turar i skogen fann dei ut at dei måtte laga seg ein overnattingsstad for å koma i nærkontakt med det vel halvmeter lange rovdyret med den ettertrakta pelsen. Måren måtte rett og slett venja seg til menneskelukt før han gav seg til kjenne.

Dei oppsiktsvekkjande bilda, inkludert filmopptak som i vinter skal visast i NRK Fjernsynets «Ut i naturen», har dei to naturfotografane teke i Sveio og på Huglo.

På Huglo greidde dei aldri å sjå dyret sjølve. Så der har måren fotografert seg sjølv ved å trakka på mikrobrytarar skjulte under mosen ved åteplassen. Brytarane var kopla til fotoapparat plasserte ute i skogen i vekevis.

Nesten ingen bilder

— Det var frå før nesten ingen bilde av mår, iallfall ikkje i Noreg. Derfor blei vi sugne på å ta nye bilde av han, seier Jan Rabben og skildrar ein eminent klatrar som lever av fugleegg, mus, ekorn og bær.

Måren har hatt reven som naturlege hovudfiende.

Derfor har rovdyret hatt framgong på Vestlandet på 1990-talet etter kvart som reveskabb har gjort sin verknad.

«I mårskogen» har dei to fotografane gitt ut på eige forlag, 5000 eksemplar skal i tillegg ut til medlemmer av Bokklubben Villmarksliv. Jan Rabben er også aktuell med ein Stord-kalender og praktboka «Det blømer på Bømlo».