I går kveld segla forskingsskipet «Johan Hjort» inn Vågen med ein avslørt blindpassasjer om bord. For ein månad sidan lurte katten Sebastian seg om bord, og vart ikkje oppdaga før skipet var utanfor Irland.

På Nykirkekaien stod i går kveld ei litt spent matmor Kari-May Turøy.

— No er eg spent på om han kjenner meg att.

Den kastrerte hankatten var våt og forkomen då han vart funnen etter sju dagar på dekk. Sidan det har det gått kraftig framover for den nybaka skipskatten.

Med BT på slep entra Turøy skipet og vel nede i byssa kom Terje Torkelsen berande på ein svart, kvit og nyklipt katt. Ikkje såg han ut til å ha hatt det dårleg i matvegen heller.

«Johan Hjort» har vore på forskingstokt etter kolmule vest av dei britiske øyene, og kolmule viste seg å vere akkurat det Sebastian ville ha.

Etter katten hadde slått seg til ro i armane til matmor, vart han høgtidleg innlemma som æresmedlem i Kolmulens venner.

<b>HEIMVEND SKIPSKATT:</b> Terje Torkildsen kunne i går gje katten Sebastian tilbake til matmor Kari-May Turøy, etter ein månad på rømmen blant forskarar og mannskap ombord i «Johan Hjort». <p/> ODD MEHUS (foto)