— Dette var fantastisk. Det blir ikkje siste gongen, sa Bjørn Hage etterpå. Han gliste salig, og gav gass på feil side av vegen for å nå flyet heim att til Bergen.

For første gong

Det hadde vore ein vellukka dag. For første gong hadde trenaren i Bergen Golfklubb møtt golfbanen Cruden Bay, seks mil nord for Aberdeen. Saman med gutta golf frå Meland, Herdla og Bjørnefjorden var han på dagstur til golfen sitt heimland.

— Det blir spennande, ingen av oss har vore på denne banen før, det blir ein blind date, sa Atle Færevåg åtte timar tidlegare. Han sat på direkteflyet mellom Bergen og Aberdeen, åt frukost og var ein slags reiseleiar for dei fire. Dei var på veg til Skottland for å gjennomføra ikkje mindre enn eit uoffisielt bergensmeisterskap på bortebane.

Dei som er med

La oss presentera dei som er med:

Bjørn Hage: Profesjonell golfar som trenar dei unge i Bergen og Hordaland. Har spela golf på heiltid sidan han sjølv var ung og lovande, landslagsspelar og noregsmeister.

Øystein Engevik: For tida menig golfar i Idrettskompaniet. 19-åringen frå Bjørnefjorden har gått toppidrettsgymnas, spelar på landslaget og vil bli proff.

Vidar Falkanger: Vaks opp ved golfbanen på Åstveit, har meldt overgang til Meland der han har vunne alle klubbmeisterskapa til no.

Atle Færevåg: Golfbanebyggjar på Herdla, og klubbmeister der.

Fire klubbmeistrar er på veg til golfens Mekka. I buken på Coast Air si propellmaskin ligg køllene, pussa og klare til dyst mellom sanddynene.

Ikkje dongeri

For hundre år sidan spela den skotske fiffen golf med nikkers, sixpence og store kjolar i Cruden Bay, knapt fire mil nord for Aberdeen. Dei kom med toget frå sør - og blei frakta med ein liten elektrisk trikk frå stasjonen og fram til døra på Cruden Bay Hotel, eit slott av ein bygning som blei riven etter andre verdskrigen.

Dagens golfarar går i garderoben i klubbhuset og trekkjer på seg pent fritidstøy. Stiller du i dongeri her, må du snu i døra. Men er du komen så langt at du har skaffa deg kølle, så kan du kleskodane.

Dei har vore i Skottland før, alle fire, og dei veit at her bles det, som regel meir enn på Herdla. Den som ikkje tåler motvind, har lite på ein golfbane i Skottland å gjera.

I alle fall her på linksen. Links er namnet på det ufruktbare beltet med sanddyner som bølgjar langs kysten, mellom sandstrendene og jordbrukslandet innanfor. Det var i slikt terreng golfen blei til. Det var her gjetargutane slo småstein med kjepp og prøvde å unngå at dei landa nedi sandgropene, kvileplassane til sauene.

Krevjande på linksen

I Skottland finst det kring 150 golfbanar på linksen. Dette er banar som er lagde inn i det naturlege landskapet. Her har Vår Herre teke seg av design og fundamentering, golfklubben treng berre gjera visse justeringar på overflata.

Atle Færevåg sukkar og stønnar irritert. Den kvite vesle ballen tok ein heilt annan retning enn han hadde tenkt. Han landa i eit kaninhol langt oppe i sanddyna.

— Banane på linksen er mykje meir kuperte enn andre golfbanar, og når vi ikkje kjenner tilhøva, anar vi ikkje kva som skjuler seg bak neste kolle. Nokre av hola er sinnssjukt lange og voldsomt utspekulerte. Det er krevjande nok for proffane dette her, seier han og går nokre meter for å henta den torva han sende av garde ilag med ballen.

I motvinden løner det seg å sikta langt til venstre, om du vil ha ballen til å gå rett fram. Karane frå Bergen står på tee 6 og speidar etter greenen med det kvite flagget. Dei skimtar det langt der framme. Dette holet er vel ein halv kilometer langt.

Proffane bør koma i mål med fem slag.

Det er utopi i denne vinden, slår Bjørn Hage fast.

Leitar etter kvite ballar

Atten hol skal fyllast. Det betyr at golfarane må gå ei mil og det tek fire timar før dei er i mål. Snart er vi halvvegs, sola har forsvunne bak svarte uversskyer og no kjem regnet. Intens motvind og regn. Heldigvis blir det berre ei bye. Og gutta golf let seg ikkje affisera.

Det er alvorlege greier dette her, sjølv om det berre er leik. Konsentrasjonen er stor, i alle fall når ballen nærmar seg holet. Og nåde den som snakkar høgt og forstyrrar han som er i gang med utslaget. Då legg Bjørn Hage peikefingeren over leppene og ser streng ut.

Spelet bølgjar av garde mellom sanddynene, dreiar opp på ei høgd med vidt utsyn over åkerlandet, landsbyen, ein slottsruin i det fjerne og havet. To hol lenger framme får vi nærkontakt med Nordsjøen. Spelarane leitar etter kvite ballar i tørt gras nede i strandkanten. Havet dundrar i land. Detonerer kvar einaste brenning i den kilometerlange sandstranda.

Her fløy Tryggve Gran

Her, like under beina på oss kjem ein oljerøyrleidning i land. Men vi ser det ikkje. Vinden og sanden har hjelpt til med å kamuflera leidningen som vart teken i bruk i 1973 for den aller første ilandføringa av Nordsjøolje.

Litt lengre borte i denne stranda skjedde det store ting 30. juli 1914. Nordmannen Tryggve Gran tok av frå Cruden Bay og var den første som reiste med fly over Nordsjøen. Han landa på Jæren fire timar og ti minutt seinare.

Fire svarte ravnar siglar over sanddynene. To tjeld har slege seg ned på ei slette for å eta litt. Grasmattene er gulgrøne. Ut mot havet svaiar det sølvgråe fjorårsgraset i vinden. På innsida av golfbanen blømer gyvelen. Små tusenfryd prøver å lura spelarane til å tru at dei ser mange kvite ballar på ein gong på den barberte grasmatta.

Her og der ligg små dungar med saueperler. Men sauene er nok høfleg blitt bedne om å fjerna seg. Deira tid er ute her på denne linksen.

Tradisjon i 500 år

I meir enn fem hundre år har skottane svinga køllene. Golf er for skottane det same som ski for oss nordmenn. På Cruden Bay har dei spela golf sidan 1791.

Golfen hadde sitt opphav i St. Andrews-området, på kysten mellom Aberdeen og Edinburgh. Dit dreg golfarar frå heile verda på pilegrimsreise.

— Det er heilt spesielt å spela i Skottland, seier Bjørn Hage.

— Det er noko med atmosfæren, det er så mykje tradisjon og nostalgi her. Det sitrar i heile kroppen når du står på den gjevaste banen i St. Andrews, klar til å ta første avslag.

Bjørn Hage leverer ein vakker ball og langar ut for å finna han att nokre hundre meter lengre framme. Han slår ut med armane og legg seg på motvinden.

— Dette er livet. Det finst ikkje noko som er betre enn å spela golf.

— Også Tiger Woods har spela i motvind i Skottland. Under British Open i fjor. Då spela han skikkeleg dårleg, seier Bjørn Hage.

Alt tyder på at golfproffen frå Bergen tåler motvinden betre enn verdas beste nolevande golfspelar. Bjørn Hage imponerte i alle fall konkurrentane.

Han vann den uoffisielle bergensmeisterskapen.

Og fann tonen med Cruden Bay.

NORDSJØGOLF: Golfturisten i Skottland har nærkontakt med havet, himmelen og sanddynene. Bjørn Hage (t.v.) og Vidar Falkanger har snart gått runden i Cruden Bay.<br/>Foto: HELGE SUNDE