JØRN-ARNE TOMASGARD

Glørne freser mot oss. 1000 grader gjer jarnet raudt og villig. Svein Nesdal (59) legg det på ambolten og bankar laus. Kling, klang, klirr.

Mange slag seinare har smeden runda jarnet til ei hengsle han kan tre ein bolt gjennom. Den store jarnhengsla med rosemønster utforma av honndalskunstnaren Rolf Taraldset, er eit av nisjeprodukta Hornindal Smeden har utvikla. Elles er det lafteverkty som er satsingsområdet.

Tusen år gamle tradisjonar

Dette er produktutviklingsfasen. Prøving, testing og feiling. Men vonleg også nyskaping, gjennombrot, og suksess.

Verksemda som er tufta på tusen år gamle tradisjonar, gjer ein ihuga freistnad på å kome seg inn på ein marknad og bli der.

Ein må smi medan jarnet er varmt.

— Det er tidkrevjande å kome seg inn på marknaden. Og leverer du ikkje kvalitet, blir du ikkje lenge på marknaden, seier Nesdal.

Ljåsmed på kvar gard

I kommunevåpenet har Hornindal tre ljåar, eit symbol på ljåsmedtradisjonen som har vore her i generasjonar. Det var ei smie mest på kvar einaste gard i bygda. Men tidene endra seg og folket med dei. Snart trengde ingen den gode honndalsljåen lenger. Smiene var i forfall, det same var den stolte tradisjonen.

— I 1985-1986 skipa friundervisninga til eit kurs i ljåsmiing med den siste gjenlevande smeden i bygda. Vi var sju-åtte stykke som gjekk. Det var ein tradisjon som var viktig å ta vare på, elles ville han forsvinne, seier Nesdal.

Bøndene er aksjeeigarar

For to år sidan vart ideen om ei industrismie verkeleggjort, og verkstaden med ein prislapp på kring to millionar kroner vart realisert, ved hjelp av bygdeutviklingsfond frå staten.

For eitt år sidan tok Svein Nesdal sluttpakke frå jobben ved trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Siste året har han dyrka hobbyen sin på heiltid i den vesle, nystarta verksemda på Raudemel Industriområde. Knapt 15 bønder i bygda er aksjonærar i Hornindal Smeden A/S.

Rundt om i smia står eit titals amboltar som er lånte frå smiene rundt om på gardane.

Styrer tid og fart sjølv

— Mange berre ristar på hovudet. Og kan hende får dei rett. Det er ikkje sikkert dette er liv laga, men vi må prøve å finne det ut, seier Nesdal.

— Det er godt å kunne styre tid og fart sjølv. Vi veit ikkje kor vidt marknaden er interessert. Men det er spennande å sjå om vi greier det, seier Nesdal.

Konkurransen er hard frå store smier med samlebandproduksjon i inn og utland. Hornindal Smeden prøver å finne sin eigen nisje. Produkt for folk som er ute etter det spesielle, det som er banka med eiga kraft og eigen hammar.

Kulturgryte

I tillegg til å smi lafteverkty og hengsler for kraftige dører, tek Nesdal sveiseoppdrag, han leverer delar til selety, smir spesialtingingar etter teikning, og han arrangerer smedkurs. Det er viktig med mange bein å stå på.

Ein annan Svein, med etternamn Løvlid, er primus motor og investor. Medan kona hans, Oline Løvlid, har fått liv i kvedetradisjonen i bygda, har Svein Løvlid blåse liv i gamle glør. Så ekteparet har gjort sitt for å smelte fortid og notid saman i ei kulturell gryte.

Ser inn i ei anna tid

Vi let oss blende av logen frå avlen. Brennande kol varmar oss i andletet. Det er som om vi ser inn i ei anna tid der i flammane. Ikkje langt herfrå er det funne tusen år gamle jarnreiskapar, arkeologiske funn som ein i dag kan sjå på museum i Bergen.

Det gamle må tilpassast den nye tid. Smedane har innsett at honndalsljåen er passé som næringsveg.

— Eg lagar litt ljå av og til, men det er berre hobby, når lysta tek overhand. Eg lagar akkurat så mykje at eg ikkje gløymer det vekk, seier Nesdal, og viser oss eit knippe suvenirar han har laga som ein test. Det er små jarnljåar med kommunenamnet trykt inn.

— Kombinert flaskeopnar og brevopnar, seier den kreative smeden.

MÅTTE PRØVE: Etter 15-16 år med pendling frå Lida i Hornindal til jobben på trafikkstasjonen på Nordfjordeid, tok Svein Nesdal sluttpakke og vart smed - Mange berre rista på hovudet, men eg måtte prøve, seier han.<br/>Foto: ØYSTEIN TORHEIM
KUNSTHANDVERK: Smed Svein Nesdal varmar hengslene, som er teikna av honndalskunstnaren Rolf Taraldset, opp til 1000 grader før han bende dei til. Hengsler og beslag til store tredører er eit av nisjeprodukta Hornindal Smeden A/S testar på marknaden.
LAFTEVERKTY: Laftebile, medragshøvel, medrag og bandekniv er produkt som vert laga på tuftene av tusen år gamle smedtradisjonar, tradisjonar som var i ferd med å døy ut.
SUVENIR: Små ljåar smidde ut av jarn som kan brukast både til flaskeopnar og brevopnar. Det er eit av produkta ein håpar kan gje verksemda fleire bein å stå på. Tanken er at ein liten lapp som skal henge på kvar ljå, fortel om ljåsmedtradisjonen i Hornindal.