— Det følest veldig bra, sa vinnaren til Bergens Tidende i kveld.

Kort tid i førevegen blei han hylla av ein fullsett ishall i Helsinki. Etter fire lange dagar jobbing med installasjon av sterk- og svakstrømanlegg slo Hoff lærlingar og fagarbeidarar frå 24 land.

— Vi hadde dårleg tid, og det er viktig å vere veldig nøyaktig. Eg trur nokre av dei andre tok nokre snarvegar, seier Hoff.

I verdsmeisterskapen for yrkesfag konkurrerer 25 nasjonar innan 42 fagdisiplinar. Blant dei er elektrikarar, blomsterdekoratørar, rørleggjarar og telemontørar.

22-åringen frå Strandebarm har tidlegare jobba som elektrikar, og er no student ved Høgskolen i Vestfold. Målet er å bli elektroingeniør. Tidlegare i vår vann han NM og blei nummer to i EM.