— Det gjer framleis vondt, seier Mari-Anne Aanes. Ho kviler no ut heime hjå besteforeldra i Seimsdalen i Årdal.

Søndag kveld, for ei veke sidan, blei ho innlagt på sjukehuset på Voss etter over to døgn med sterke magesmerter. Sist måndag blei blindtarmen fjerna, men legane har framleis ikkje funne ut kva som er årsaka til smertene, trass grundige sjekkar med ctc og kikholskirurgi. Laurdag var det verste over, og ho bad om å få reisa heim.

Uuthaldeleg

Smertene starta fredag ettermiddag for vel ei veke sidan, då 19-åringen var på veg frå sjukepleiarstudier på Gjøvik og heim til besteforeldra i Årdal. Undervegs ringer ho og seier at ho er blitt veldig dårleg.

Saman med bestefaren oppsøker ho lege fredag kveld, og får smertestillande. Laurdag blir smertene verre, og Mari-Anne ringer vakthavande lege.

— Eg fekk først beskjed om å halde ut nokre timar, for legen var nettopp gått av vakt og skulle kvile.

Etter nokre timar tok ho kontakt på ny, og legen meinte ho hadde gallestein. 19-åringen fekk då ei sprøyte med smertestillande, og blei send heim.

I baksetet

Søndag blei smertene på ny ille, og ho kontakta legen på ny. Då bestemte legen at ho måtte på sjukehus.

— Kan du køyre, spurte legen Asle Aanes.

— Eg spurte tilbake om ho ikkje trengde ambulanse, så sjuk som ho var, fortel bestefaren.

— «Det er heilt uaktuelt», var svaret frå legen.

Med ei dotterdotter som skreik av smerte, hadde ikkje Aanes noko anna val enn å køyre frå Årdal til sjukehuset på Voss. Mari-Anne låg i baksetet.

— Vi køyrde litt over to mil, men då var smertene så uuthaldelege at eg ikkje torde meir. Eg var så fortvila at eg ringde ein politimann. Han bad meg ringe 113. Dei bad oss køyre mot sjukehuset i Lærdal med ein gong.

I Lærdal fekk Mari-Anne legesjekk før ho blei send vidare til Voss, men denne gongen i ambulanse.

Gru

— På veg til Voss fekk ho eit blodtrykksfall, og blodtrykket var nede i 90/40 Eg tenkte med gru på kva som hadde skjedd viss jenta hadde lege i bilen min då det skjedde, seier Asle Aanes.

Mari-Anne er utdanna hjelpepleiar og studerer sjukepleie, men har fått eit skrekkmøte med helsevesenet.

— Eg skal ikkje bli sjuk heime fleire gonger, seier ho.

Bestefar Asle Aanes har bestemt seg for å klage til helsesjefen i Årdal på behandlinga dotterdottera fekk.

— Det går ikkje an å la oss vere ambulansepersonell for ei som er så sjuk, seier han.