• Eg håpar å gå att, seier Torgeir Breilid.

I august 2008, på veg til fest i Fresvik, blei Breilid og to andre påkøyrd medan dei gjekk langs vegen.

Breilid fekk omfattande skader og er i dag lam i begge beina. No er sjåføren dømd til åtte månader i fengsel.

Ser framover

Breilid ønskjer ikkje å kommentere dommen.

Han bur i dag i omsorgsbolig i VIk og synest det er OK.

— Eg brukar tida på å sjå framover og sjå positivt på livet. Same kven som hadde køyrd bilen, hadde det vore ei uheldig hending, seier Breilid til bt.no.

Han har tidlegare fortald om ulukka til Sogn Avis.

Om Breilid nokon gong vil kunne gå att, er usikkert. Men han har ikkje tenkt å gje opp.

— Eg trener mykje. Det er berre opp til meg kor mykje det blir. Eg får fysioterapihjelp. Ein dag håpar eg å kunne gå att, anten med krykker eller utan krykker, seier Breilid.

Får aldri køyre meir

Mannen som blei tiltalt, hadde 1,63 i promille rundt tre timar etter ulukka.

39-åringen sa seg ikkje skuldig i retten og forklarte at han ikkje hugsa alt frå ulukkeskvelden.

Men retten dømde han til åtte månader i fengsel. Halvparten av dommen er gjeve på vilkår.

I tillegg misser mannen førarkortet for alltid. Han må òg betale 75.000 kroner i oppreisningserstatning til Breilid.

Mellom liv og død Frå sjølve hendinga og fram til seks veker etterpå, hugsar Breilid ingenting. Han har fått vite at han i lang tid sveva mellom liv og død.

— Dei seier eg kan vere glad eg er i god form. Det var nok det som berga meg, har Breilid sagt til Sogn Avis.

bt.no har ikkje fått tak i forsvararen til den domfelte mannen.