Dei to bergensbaserte kunstnarane har hengt opp ei rekke bilete i kvar sin etasje i Galleri Voss, og markerer felles utstillingsopning laurdag.

Begge held seg til vatn. Grethe Unstad har fotografert familiemedlemer på badestranda, helst vassande eit lite stykke uti sjøen. Bileta er kopiert i store eller kjempestore format via ein overheadprojektor, og fargelagt. Men ho brukar berre ein farge på kvart bilete. På mange av bileta har ho brukt kvitt, eller nær opptil kvitt. Andre bilete har fått eit «topplag» av heilt annan farge, til dømes er nokre knallgule. Men det er utanpå. Inni er otivet på svart/kvitt-fotografiet framleis synleg, men sterkt neddusa.

Hardangerjenta Synneva Heradstveit synest fargane er viktigare enn forma. Ho er oppteken av fargane sin karakter i møte med vatn. Fargane finn ho i landskapet, i møte mellom fjord og fjell, båt og vatn, hus og himmel, i skiftande lys, vêr og vind.

I det forenkla motiva skiftar fargane varleg over i kvarandre. Dei møtest og flyt i hop. Dette prøver Heradstveit å skildra med vassfargar (moderne akvarellteknikk) på bileta sine.