PER MARIFJÆREN

Den nye røykelova gjeld frå 1. juni i år, og slår fast at ingen får røyke på serveringsstader der ålmenta har tilgjenge.

Kantina for dei tilsette på tinghuset og likningskontoret i Bergen har alltid vore mykje nytta av folk utanfrå — anten dei er advokatar, politifolk, journalistar, vitne, partar, sakkunnige eller tilhøyrarar til rettssakene.

Eller rett og slett ein helt vanleg nikotinsugen kafégjest som er lei av å røyke på utsida i surt haustvêr.

For i tinghuskantina, der er røykarane inne i varmen.

- Velkommen til vår kafé

Det første som møter den som kjem inn i tinghushallen, er reklameskiltet som ønskjer deg «Velkommen til vår kantine/café, åpent 10.30 til 13, følg skilting».

Skiltet er plassert midt i publikumsområdet, og ber lite preg av å vere mynta på dei fast tilsette i tinghuset.

— Dersom ålmenta har tilgjenge, er dette ein offentleg serveringsstad. Og da er dette røykerommet ulovleg, heilt klart, seier seniorinspektør Ane-Mette Størkson i Arbeidstilsynet.

— Dette er ei sak vi kjem til å sjå nærare på, heilt klart.

Det er selskapet Entra Eiendom AS som eig Valkendorfsgate 6, der Bergen likningskontor og tinghuskantina ligg.

— Kantina er først og fremst for dei tilsette i tinghuset og likningskontoret, seier Tore Dale i Entra Eiendom.

— Men de reklamerer offentleg for kafetilbodet, og kven som helst kan bruke kantina?

— Det er vel ikkje direkte forbode for folk å kome dit, nei, seier Dale.

Han fortel at selskapet rekna med at noko måtte gjerast med røykerommet da røykelova kom, og kontakta blant anna kommunen og Arbeidstilsynet i god tid før lova vart innført. I brevet skriv Entra Eiendom at dei ønskjer dialog med relevant myndigheit og vil «gjøre tiltak slik at røykeloven blir overholdt».

Kontakta Arbeidstilsynet

Selskapet viser i brevet konkret til kva av deira eigedommar dette gjeld, mellom anna kantina i Valkendorfsgate 6.

— Vi rekna jo med at vi måtte gjere noko for å ikkje bryte den nye røykelova, og ville vite kva krav som kom, seier Dale.

Men den einaste responsen som ifølgje Dale kom, var heller overraskande.

For Arbeidstilsynet svarar i ein kort e-post at «Den nye røykeloven gir endringar for publikumsfasiliteter, hotell-retauranter og liknande. For kantiner tilhørende arbeidsplassar er det ingen endringar. Her kan arbeidsgivaren innrede røykerom».

— Vi tolka dette svaret som om vi ikkje måtte gjere endringar, at røykerommet framleis kunne vere der, seier Dale.

— Men det framgår relativt klart at svaret frå Arbeidstilsynet gjeld for bedriftsinterne kantiner, og ikkje for slike serveringsplassar der alle og einkvan kan gå?

— Som sagt, vi bad fleire offentlege instansar om informasjon og sågar eit møte, og tolka svaret slik at vi ikkje måtte stenge røykerommet. Men dersom det viser seg at vi må gjere noko no, så vil vi sjølvsagt gjennomføre det, seier Tore Dale i Entra Eiendom AS.

Kan likevel vere ulovleg

Men likevel om Dale hadde rett i at tinghuskantina må vurderast som ei bedriftsintern kantine, kan røykerommet likevel vere i strid med lova.

For den nye røykelova fastslår også at interne røykerom ikkje kan ligge nær kantiner, eller medføre at betjeninga må rydde etter dei som har spist i røykerommet.

Røykerommet i kantina i Valkendorfsgate 6 ligg midt i spiseområdet, og berre ein glasvegg med dør skil røykarane og dei ikkje-røykande.

Vasking av golv og bord skjer til faste tider, da røykerommet er stengt, slik at betjeninga skal kunne arbeide i røykfri luft.

— Men det viktige er at røyken ikkje skal sive ut i nabolokala, og eg ville nok vurdert å blende igjen den direkte døra mellom dei to sonene. Det er jo nesten ikkje til å unngå at røyk vil sive ut når døra blir brukt, seier Ane-Mette Størkson i Arbeidstlsynet.

Størkson fortel også at mange no trur at det er strengt forbode med røykerom på bedrifter og offentlege arbeidsplassar.

— Mange misforstår, det er jo fullt lovleg med innandørs røykerom, berre dei er laga slik lova krev, seier ho.

Bergens Tidende har vore i kontakt med ei rekke store private og offentleg eigde arbeidsplassar i Bergensområdet.

Alle desse har eller er i ferd med å avvikle innandørs røykerom, og satsar på at dei tilsette skal røyke på skjerma uteområde.

VELKOMMEN TIL RØYKEKAFÉ: Skiltet står midt i hallen i Bergen tinghus og reklamerer for byens einaste offentlege kafé der du kan røyke innandørs. Eit klart brot på røykelova, meiner Arbedstilsynet. <br/>Foto: ODDLEIV APNESETH
ULOVLEG: Ved å fylgje skiltinga, kjem ein til tinghusets kantine - med eiget røykerom.