Alt som finst av lag, utval og organisasjonar i Hardanger seier óg nei.

Det er ein formidabel mur av motstand Statnett og Norges vassdrags— og energidirektorat står overfor i Hardanger. I Kvam har rådmann Knut Terje Rekve samanfatta alt sinne og all frustrasjon mot Statnett og NVE i eit forslag til fråsegn som kommunestyret skal handsama 15. november.

– Vi vil ikkje ha ny høgspentline i dagen nokon stad i kommunen vår, summerer Knut Terje Rekve opp forslaget sitt overfor Bergens Tidende. Forslaget til uttale er nettopp underskrive, og skal no sendast ut til politikarane.

På grunn av alt oppstyret og engasjementet omkring den planlagde kraftlina, har kommunen fått utsett fristen for fråsegn til 20. november.

Møtest ikkje på halvvegen

I framlegget frå rådmannen vil Statnett og NVE ikkje finna det aller minste spor etter vilje til noko møte på halvvegen.

– Kvam kommune kan ikkje på noko vis akseptera at det vert ført ei 420 kV luftline gjennom vår kommune. Det gjeld både Sima-Samnanger og evt. Åsen-Mauranger-Samnanger, står det i pkt. 1.

Grunnen til dette avslaget er omsynet til busetnad og næringsliv. Særleg vert reiselivet framheva med landskap, friluftsliv, rekreasjon og oppleving.

I framlegget, som så å seia er garantert samrøystes oppslutnad, vert det og kravd at kabel både i sjø og på land skal utgreiast med alle dei tema som er naudsynte for konsesjonshandsaming.

Riksvegstandard

Statnett har tidlegare peika ut området mellom Norheimsund og Vikøy for overgangen frå sjø til land for straumkabelen. Kravet til Statnett her er at det skal utgreiast kombinasjonsløysing med gang- og sykkelveg og kabel mellom Vikøy og Norheimsund. Vidare ein kabel- og trafikktunnel bak Norheimsund sentrum. Frå Mo, der vegen går som eit strek mot Steinsdalsfossen, skal det utgreiast gang- og sykkelveg med kabel langs Rv. 7 fram mot tunnel under Kvamskogen.

For å vera på den sikre sida krev kommunen og at alle tunnelar skal utgreiast etter Statens vegvesen sine normer for riksveg.

– Sjølvsagt heng dette saman med ønskjer vårt om å få biltunnel under Kvamskogen. Vi vonar å koma i dialog med Statnett om dette, seier Knut Terje Rekve.

I dei siste punkta krev Kvam kommune at Statnett og NVE skal omtala reiselivet særskilt. Tap av urørt natur må få eit eige kapitel, og Kvamskogen, som det viktigaste regionale friluftsområdet for heile Hordaland, må få ei utgreiing for seg.

Same skepsis

Hordaland fylkeskommune har og fått 420 kV-lina mellom Sima og Samnanger på bordet. Fylkeskommunen seier ikkje tvert nei som kommunane i Hardanger. Men vedtaket i kultur- og ressursutvalet frå 18. oktober uttrykkjer same skepsis til luftline som har kome til uttrykk i heile haust langs Hardangerfjorden.

Fylket slår fast at ei luftline ikkje kan byggjast utan store negative verknader for og natur- og kulturlandskapet i Hardanger. Og kravet til å få utgreidd sjøkabel og tunnelar er like klårt som i Kvam.

– Det har vore eit stort engasjement om dette. Og vi vil seia nei til luftline også i fylkesutvalet torsdag, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til BT.