— Ved å jobba både med reinhald og i SFO blir det mykje kjekkare å gå på jobb. Ei kjempeordning, seier Trine Lise Grindevoll. Ho søkte jobb på Kringlebotn skule i Bergen nettopp fordi dei var på jakt etter folk i slike kombistillingar.

Reduserer deltid

Kommunenes Sentralforbund, LO og mange politiske parti har tatt til orde mot uønska deltid. Likevel er det over hundre tusen deltidsarbeidarar i landet som har bedt arbeidsgjevaren om å få jobba meir.

— I tillegg er det nok mange som ikkje spør arbeidsgjevaren fordi dei reknar med avslag, seier Leif E. Morland, som har forska på uønska deltid i forskingsstiftinga FAFO. I dag jobbar ein av tre deltid, dei fleste er kvinner i pleie- og omsorgssektoren, men også i stor grad i reinhald og SFO. Sidan byrjinga i 1994 har rektor ved Kringlebotn skule, Nora Henden Stegane, jobba aktivt for samarbeid mellom skule, SFO og reinhald. Nettopp for å koma deltidsstillingar til livs.

Unngår kikking og klaging

— Målet vårt har vore at dei som ønskjer full stilling skal få det. Korkje SFO eller reinhald er heiltid i seg sjølv, men ved å tenkja litt nytt, har me fått det til, seier ein stolt rektor. I tillegg til at SFO-tilsette blir brukte til assistentar i skulen, er også reinhaldarane trekte inn i kombikabalen.

— Når reinhaldarane og elevane ikkje omgås, blir det lett at dei kikkar og klagar på kvarandre. Her har dei eit tettare og betre forhold, seier ho. I dag har alle som ønskjer det fått full stilling på skulen. Bortimot alle reinhaldarane er også i SFO. Ei heildagsordning med halvanna time som midttime gjer behovet for ekstra personale stort. Reinhaldarane jobbar frå 6 til 11 med vaskekost, og hjelper til i SFO etter det.

Original ordning

— Alle eg har fortalt om kombinasjonen mellom reinhald og SFO har sperra opp augo. Går dette an? lurer dei. Leif Moland, forskar i Fafo har nyleg publisert ein rapport om kva norske kommunar gjer med deltid. I følgje han er SFO ein skikkeleg versting. I Oslo viste deg seg at nesten ni av ti i SFO hadde deltidsstilling, ofte med under 60 prosent stilling.

— Kringlebotn skule i Bergen er ei suksesshistoriene. Her har dei vist at det går an å løysa deltidsproblemet ved å bruka folk på tvers, seier Moland. Utdanningsforbundet har ikkje høyrt om andre som har vald å gjera det same.

Vaskar seg inn

Karen Halsvik starta som kombinert reinhaldar og assistent i SFO ved skulen for ti år sidan. I dag er ho SFO-leiar.

— Hos oss stig dei fleste i gradene. Mange av dei som er i SFO og assistentar i skulen, har vaska seg inn her, seier rektor Henden Stegane. Men det er ikkje berre dei tilsette som har tent på større stillingsbrøkar.

— Kombistillingane gjer oss også meir interessante og me får betre søkjarar, seier rektoren.

— At SFO-tilsette er i skulen er vanleg, men kombinasjonen mellom SFO og reinhald er heilt original, seier Per Aahlin, nestleiar i Utdanningsforbundet. Han meiner likevel at skulen bør vera obs.

— Det er viktig at ein får nok kvalifiserte folk i SFO. Når ein vel å ta inn reinhaldspersonale må ein sjå på kompetansen dei har til dette, og leggja til rette, påpeikar han.

I Bergen kommune er det gjort eit vedtak på at ein vil ha 80 prosent faglærte i SFO.

Silje Katrine Robinson