Men gårsdagens styrevedtak i konsernet er ikkje siste ord i saka. Det skal seiast i Orkla sitt styre 27. oktober.

— Direkte tåpeleg. Dei kunne ha teke ein telefon til Orkla-karane og fått ei avklaring straks, kommenterer hovudtillitsvald Frode Jacobsen.

— Seigpining, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold, som hadde planlagt storsatsing for nye arbeidsplassar med oppstart måndag. No må ho venta i to veker til.

Kvam-ordføraren frå Ålvik er sjølv industriarbeidar og har neppe ein jobb å gå attende til om ho ikkje vert attvald.

Nye arbeidsplassar

Meldinga om at Elkem ikkje legg ned, men «berre» omstrukturerer verksemda på Bjølvefossen vart møtt med ein solid porsjon skepsis på folkemøtet i Ålvik i går ettermiddag.

— Elkem sin vilje til no å skapa nye arbeidsplassar her i grenda, gir meg blanda kjensler, seier ordføraren.

— Vi risikerer å enda opp med 20 mann og ein vaktmeister som legg beslag på eit attraktiv industriområde med plass til mange fleire, utdjupar ho.

Vatn, energi og djupvasskai er blant salsargumenta hennar overfor potensielle nye etablerarar.

Men styreleiaren for Bjølvefossen, Tor Gule, som også er direktør for støyperia i Elkem-konsernet, understrekar at dei meiner alvor med ny verksemd i Ålvik.

Har tru på avfall

— Vi vil prøva å løysa eit miljøproblem i aluminiumsindustrien. I første omgang er det løyvt 30 millionar kroner til eit demonstrasjonsanlegg og prøvedrift. Går det bra, kjem 70 millionar kroner til, og vi har ei verksemd med minst 50 arbeidsplassar, seier Gule.

Til no har aluminiumsverka fått lov til å grava ned botnfallet i elektrolyseomnane. Det blir det snart slutt på, og industrien må finna andre løysingar.

— I metoden som skal prøvast ut i Ålvik, nyttar vi ut karbonen i blandinga. Ved tilsetting av jern, gir karbonen jernet ein gunstig kvalitet. Samstundes blir cyanidane borte i prosessen, og floridane innkapsla slik at dei trygt kan leggast i deponi, forklarer Gule.

Han legg vekt på at verksemda ikkje skal ta opp meir plass enn dei treng på fabrikkområdet, og stilla resten av arealet til rådvelde for andre som vil etablera seg.

Gradvis reduksjon

Bjølvefossen har i dag 160 tilsette. To omnar er i drift. Nedbemanninga blir neppe stor i 2007, fortel direktør Fredrik Behrens. Den eine omnen vil vera i kontinuerleg drift, sjølv om eine billegstraumavtalen går ut ved komande årsskifte. Den andre omnen vert tidvis slått av. På den andre sida kan det bli prøvedrift på den nye prosessen.

— I 2008 blir det langt meir nedbemanning, men tempoet er avhengig av prisane på råvarer, straum og ferdigvarer, seier direktøren på Bjølvefossen.