MEN DET GJER INGEN FJELL i slike høgder. Fjell er forføreriske, svikefulle. Fjell spelar på folks pyntesjuke eller oppdagartrong eller erobrarinstinkt, og er sjeldan det dei gjer seg ut for å vera i solbada idyll.

Slik ligg også Lønahorgi der som eit skinande Soria Moria-slott og lokkar, mjuk og rund og meir løfterik enn noka regjeringserklæring.

MEN I HØGDA snør det vassrett. I høgda klaskar molekyl mot molekyl i eit illsint, frådande inferno. Her er det ingenting som nokosinne dalar mjukt og pent og pynteleg ned i skjul.

Her komprimerast alt og blir til is og skare og blanke våpen, og trår du dei for nær, risikerer du å få smaka på kroppen fjellas aldri kvilande forsvarsstyrke.

Dette tenkjer eg, litt for seint, der eg sprelar i lause lufta, ventande på ei landing som eg veit kjem til å bli hard.

For plutseleg beit ikkje stålkantane lenger, plutseleg glapp festet, men mest var det ein augneblinks manglande konsentrasjon som hadde dømt meg til eit smertefullt møte med dei elementa eg så ofte er den ivrigaste til å prisa.

DET HADDE BYRJA SÅ MJUKT. Svevande i «Dinglo» dei drygt fem hundre høgdemetrane frå Vosse-bygda og opp til sørsida av Hangur. Derifrå i roleg diagonal i forførande puddersnø over myr og mark, til Lønahorgi presenterte seg idet vi runda vestsida av fjellet som har gjeve svevebana namn.

Det var ein vakker morgon, skarp og klår og glitterstrødd. Berre nokre lette ulldottar nede i dalføra. For ikkje hadde eg fått med meg at meteorologen hadde teke atterhald og varsla om lokale skodde— flak til fjells. Men brått var det der vi stod. Midt i grauten og utan sjanse til å orientera oss i heller ukjend terreng.

No skal det godt gjerast å gå seg bort i eit velutbygd skianlegg. Fram or skodda dukkar brett og ski med folk oppå, og dei kjem oftast frå eit skitrekk. Slik tek vi oss til toppen av Slettafjellet med nyfikne blikk til følgje. Det er ikkje alle som ser ut til å forstå at det er råd å bruka muskelkraft og eigen motor der det finst ein krok å hekta seg på.

EG ER MELLOM DEI som synest at jamvel Hangursbanen er fusk. Hadde det ikkje vore for at januardagen er kort, og Lønahorgi høg, kunne eg vore tenkjande til å insistera på å kliva heile vegen for eiga maskin, slik mange gjer. Men då oftast med Bavallen som utgangspunkt.

På Slettafjellet har vi vunne tett innpå 300 høgdemeter samanlikna med startpunktet, men kor lite vi likar det, må vi gje frå oss nesten hundre av dei. Anna råd finst ikkje når det er Lønahorgi som er turmålet og Hangur er utgangspunktet. Så får eg på sett og vis gjort opp for nokre av dei metrane eg fuska meg til i ein dinglande gondol.

Lønahorgi er for vossingane det Ulriken er for bergensarane. Sjølve stasfjellet, sjølve referansefjellet, sjølve signalfjellet. Og, som Ulriken, er Lønahorgi det høg-aste av dei nære fjella med sine 1410 meter over havet. Enno godt tusen meter lågare enn Galdhøpiggen, men likevel dominerande i sitt rike. I vest er det berre Kvitanosi (1433) som er høgare.

MELLOM ØVRE STASJON på Hangursbanen (660 moh.) og toppen av Lønahorgi skil det 750 høgdemeter. Med smått og stort skal du leggja bak deg rundt 1000 høgdemeter på turen mellom Hangur og Lønahorgi, så for den som ikkje let seg freista av tilbodet som heisane representerer, er det i høgste grad ein krevjande tur, sjølv om distansen (19 km tur/retur) ikkje er avskrekkande.

Heldigvis er det god løn for strevet, og det er ikkje for ingenting at Lønahorgi er ein favoritt blant toppturentusiastane. Utsynet er ein ting, dei mange alternative rutene ned att frå toppen ein annan. I nær sagt alle himmelretningar er det mogleg å finna ein veg ned. Det er berre vågemotet og dugleiken på ski som set grenser.

MOTEBAKKANE SOM SET INN for fullt på nordsida av Slettafjellet, er somme stader bratte og strevsame. Til gjengjeld er det lett å finna fram.

Velvaksne pålar syner vegen oppover, og til høgare du kjem, til meir nedisa er pålane. I tjukke lag har isen lagt seg, og det er fascinerande å sjå korleis vind og vêr og nedbør har arbeidd saman og laga eit vinterlandskap som sant nok er vakkert, men som samstundes gjev deg høve til levande å førestella deg korleis det kan vera her oppe. Korleis det oftast er her oppe. Hylande ugjestmildt, stormande avvisande, ikkje verande for folk mykje av tida.

Kontrasten til ein klår og vindstille sol- dag i januar er slåande, men fjellet veit likevel å visa sin potens og si ibuande kraft. Alt er pakka i eit hylster av blåkvit is, og i det kvelartaket skal naturen haldast i månader enno. Det som frå distanse ser mjukt og avrunda ut, er hardt som stål, skarpt som kniv, blankt som krystall.

Det er det eg skal til å erfara, der eg sprelar i lause lufta i eit frose sekund oppunder Lønahorgi.

Helge Sunde