Sunnhordland Kraftlag (SKL) investerer 537 millionar kroner i det nye kraftanlegget Blåfalli Vik i Matre i Kvinnherad. Nær 300 millionar kroner går med til å sprengje tilførsletunnelane og kraftstasjonshallen.

Det er denne jobben SKL no går i sluttforhandling med SRG (Scandinavian Rock Group) om, opplyste SKLs administrerande direktør Magne Heimvik og prosjektleiar Dagfinn Vatne på ei orientering for bygdefolket i Matre måndag.

SRG har dermed utkonkurrert entreprenørselskapa NCC, Kruse Smith, Selmer Skanska, Veidekke, Mesta og Mika i kampen om det attraktive oppdraget.

Førebuande anleggsarbeid har starta i Matre, sprengingsarbeida for dei over seks kilometer lange tunnelane startar i april. Anleggsdrifta vil sysselsetja 50-100 personar i to og eit halvt år.

Opninga av nye Blåfalli Vik kraftstasjon er sett til 1. september 2006. Stasjonen erstattar Blåfalli I og II, og gir 106 GWH auka produksjon i høve til dei to gamle. Blåfalli Vik vil åleine dekkje kraftbehovet til 34.000 husstandar.

SRG er i dag heileigt av AF-gruppen. Selskapet bygde midt på 1990-talet Romeriksporten, togtunnelen mellom Oslo og Strømmen. I haust fekk SRG kontrakten på bygging av fastlandssambandet for Lofoten, Lofast, og i tillegg millionoppdrag for Hålogaland Kraft.

I GANG: Kraftstasjonenen i fjellet ved Vik (sirkelen nærmast) skal utvidast og Blåfalli II ved Opstveit (sirkelen bakrrst) leggjast ned. ARKIVFOTO: ØYVIND HJELMEN