— Vi har i dag vore i kontakt med Statens vegvesen og samanlikna den nøyaktige posisjonen til lasta med kvar Bjorøytunnelen går. Det viste seg at steinen frå «Rocknes» ligg fleire hundre meter unna tunneltaket, seier informasjonsleiar Trygve Hillestad i Hordaland politidistrikt.

«Rocknes» var lasta med 25.000 tonn stein. Det vart i går funne både kranutstyr og lasteluker på sjøbotnen der båten kantra.