— Eg prøvde å utfordre statsråden, men ho ville ikkje ta tak i det, seier ein skuffa Bjørn Lothe, gruppeleiar for SV i Fylkestinget og leiar i Ullensvang SV.

I går fekk han høve til å ta opp saka med miljøvernminister Helen Bjørnøy, som vitja årsmøtet i Hordaland SV. Men altså utan å få noko svar.

Lothe vedgår at kampen mot brua er tapt, etter at SV i førre veke slutta seg til resten av samferdslekomiteen og støtta prosjektet.

– Det som har skapt sinne i delar av indre Hardanger er fleirtalsmerknaden om at Hardangerbrua blir ein turistattraksjon i seg sjølv. Og at dei opnar for at bompengane kan brukast til å utvikle brua til ein turistattraksjon, seier Lothe.

Han fryktar at marknadsføring av brua og skilting av den som ein attraksjon, skal føre endå meir trafikk vekk frå vestsida av Ullensvang og Kvinnherad.

I ei fråsegn som truleg blir vedteken av fylkesårsmøtet i dag, krev Lothe at ferja Kvanndal-Utne blir vidareført med same frekvens som i dag. Han krev òg at bompengane berre skal brukast til å betale for brua.

I tillegg krev han i fråsegna at det blir sett i gang arbeid for å få bygd miljøtunnelar på Hardangervidda, for å motverke problema for villreinen av auka trafikk.

Stortinget gjer endeleg vedtak om Hardangerbrua førstkomande tysdag.

Bjørnøy seier til BT at ho ikkje vil kommentere Hardangerbrua, fordi dette er samferdsleministerens fagområde og ikkje hennar.