Miljøvernminister Helen Bjørnøy har godkjent reguleringsplanen for Jondalstunnelen.

No manglar berre fylkesmannen sitt svar på ei grunneigarklage før Samferdselsdepartementet kan starta arbeidet med stortingsproposisjonen om Jondalstunnelen.

Det var før jul 2006 miljøvernminister Helen Bjørnøy bad om få reguleringsplanen for Jondalstunnelen over på sitt bord. Ho hadde lenge vore under sterkt press frå m.a. Naturvernforbundet Hordaland, som meinte å dokumentera at reguleringsplanen for bygda Nordrepollen på fleire punkt var i strid med norsk miljøpolitikk.

– Vi fekk brev frå Miljøverndepartementet i dag, 14. juni, om at dei godkjenner reguleringsplanen for Jondalstunnelen i Kvinnherad. Avgjerda er gjort etter ei samla vurdering, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til bt.no

– Dette er ei viktig avgjerd for eit område som har sterk trong for betre kommunikasjonar, seier statsråden.

– Svært gledeleg, seier varaordførar i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard,

Navarsete har no god tru på at stortingsproposisjonen om Jondalstunnelen kan leggjast fram for Stortinget i haust.

– Samstundes som prop’en går til Stortinget, kan Statens vegvesen setja ut Jondalstunnelen på anbod. Og eg har klargjort med vegvesenet at dei kan setja ut på anbod fire variantar for Jondalstunnelen. Slik kan det koma fram at eit anna alternativ enn det som no er vedteke er billegare, seier Liv Signe Navarsete.

Jondalstunnelen vil gje Jondal kommune mykje kortare vegsamband mot Odda og Kvinnherad. Tunnelen vert mellom 8 og 9 kilometer lang. Prisen er rekna til 550-600 millionar kroner.

SEIER JA: Helen Bjørnøy
STERK TRONG: - Ei viktig avgjerd for området, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.
oddleiv apneseth