Natt til fredag såg Milan Schrøder det han er heilt sikker på var bjørn. Schrøder har hytte på garden Solheim ei knapp mil aust om Førde sentrum. Litt etter klokka to natt til fredag måtte han ut eit nødvendig ærend. Då såg han eit stort mørkt dyr som gjekk på bøen like ved hytta.

— Dyret var ikkje meir enn 100 meter frå meg. Men det var litt mørkt og eg var trøytt, så eg skjønte ikkje med det same kva eg såg, seier Schrøder.

Først då han hadde lagt seg att, tok han til å tenkje på kva dyr det kunne vore. Han stod opp att, kledde på seg og gjekk ein runde, men då var dyret vekke.

— Dyret var for stort til å vere jerv, seier Schrøder.

Såg bjørn frå bil

Han fortalde bror sin om det dagen etter, men dei valde å teie med historia av frykt for å bli mistrudde. Men då han fekk vite at ei ni år gammal jente hadde sett bjørn i omtrent same området laurdag morgon, valde Schrøder å gå ut med historia.

Ni år gamle Ingrid Ask sat i ein privatbil som køyrde nedover mot Førde laurdag morgon. Eit heilt følgje bilar med turlagsfolk frå Sogndal var på veg til helgetur i Askvoll og Solund. Brått sa jenta frå baksetet: - Der ser eg ein bjørn.

— Vi tok ho ikkje heilt på alvor med det same. Så det blei til at vi berre køyrde vidare utan å stoppe, fortel far Marino Ask.

Jenta som har sett bjørn i Vassfaret tidlegare, er heilt sikker i si sak. Ho har gitt ei detaljert skildring av dyret som ikkje var meir enn 100 meter frå Europavegen like ved Moskog.

Staden der den ni år gamle sogndalsjenta såg bamsen, er berre nokre kilometer frå hytta til Milan Schrøder.

Etter det Bergens Tidende forstår er det også gjort andre observasjonar. Mellom andre skal ein passasjer i ein buss ha sett eit dyr som likna på bjørn.

- Meld frå!

Statens Naturoppsyn oppmodar no alle som meiner dei har sett bjørnen melde frå.

— Vi har ingen grunn til å mistru slike observasjonar. Det som er heilt sikkert at ein bjørn no går rundt i Sogn og Fjordane. Bjørnen har slått sauer i Gaular og Fjærland, i alt er vi no heilt sikre på at han har teke livet av åtte dyr. Vi vil no ha mest mogleg informasjon. Folk må melde frå, oppmodar regionsansvarleg for rovviltkontaktane i Sogn og Fjordane og Hordaland, Sverre Tveiten, til Bergens Tidende.

Statens Naturoppsyn har ikkje vore i Førde for å leite etter spor etter dyret.

— Så tørt som det er i marka no, reknar vi det som svært vanskeleg å finne spor, seier Jarle Hervik, lokal rovviltkontakt i området. Det var Hervik som blei tilkalla då dei to første sauekadavera blei funne i Gaular 25. mai.

KJEKT: - Eg håpar bjørnen får leve, seier Milan Schrøder. Dyret stod i bakken bak og nedanfor den raude løa. - I ettertid er det jo veldig kjekt å få oppleve noko slik, seier han.