Laurdag blei det funne spor etter eit dyr som kan vere bjørn like ved Tuftebreen i Krundalen, ein sidedal til Jostedalen som går vestover innunder breen. Funnet blei gjort av ein saueeigar som var til fjells for å sjå til dyra sine. Måndag morgon blei det meldt at Statens Naturoppsyn (SNO) hadde stadfesta at det var bjørnespor, men dette er ikkje korrekt.

Ikkje stadfesta

— Det gjekk litt fort i svingane og vi mistydde kvarandre. SNO har sett fotografi teke med mobiltelefon av spora. Dei har sagt at det kan vere frå bjørn, men ikkje stadfesta det, seier leiar i Jostedal sankelag, Arne Bjørk, til Bergens Tidende.

Rovviltkontakt i SNO, Einar Fortun, var i området dagen etter, men då fann dei ikkje att spora. Bonden var også i området torsdag for å sjå til dyra. Då meiner han spora ikkje var der.

Morlause lam

Det som uroar bøndene i området no er at det er oppdaga svært mange morlause lam siste dagane og vekene. At lam blir borte på fjellbeite er ikkje uvanleg, derimot er det sjeldan at vaksne dyr forsvinn.

Gardbrukaren som fann det han fryktar er bjørnespor laurdag, oppdaga same dagen ei søye som gjekk saman med ikkje mindre enn åtte lam. Ein sau får normalt to lam, tre søyer kan difor vere sakna. Så langt nede i Jostedalen som Myklemyr har sankelaget no fått melding om at dei har funne morlause lam.

— Vi har hatt ei oppteljing og fryktar at bortimot 30 søyer er borte. Det er heilt uvanleg at så mange vaksne dyr forsvinn, seier Bjørk.

SNO har slått fast at bjørnen har teke livet av sju søyer i dalføret.

Engstelege

Sjølv om det ikkje er funne sikre spor av bjørnen på fleire veker, fryktar bøndene han framleis oppheld seg i området.

— Så lenge det ikkje kjem rapportar frå andre stader at han har teke lam, er det like sannsynleg at han framleis er her, meiner Bjørk.

Sankelagsleiaren meiner ein av grunnane til at det ikkje er gjort sikre funn av kadaver eller spor siste dagane, kan vere at det går mykje mindre folk i området no enn før bjørnen dukka opp.

— Folk er engstelege for at bjørnen framleis er her. Difor legg dei søndags- og kveldsturane sine til andre område.

Arne Bjørk reknar med at så snart det blir funne sikre spor, vil det på ny bli gitt fellingsløyve.

— Men dette er eit område det er svært vanskeleg å drive jakt.