Det var på veg til jobb i går at Haldor Tonheim såg det han er heilt sikker på var ein bjørn. Ved Skrehaug, like etter Eikefjord på veg mot Stavang, såg Tonheim dyret krysse vegen 50-70 meter framfor seg.

— Dyret var omtrent så stort som ein stor sau. Han var lysbrun på ryggen og mørkare nedover sida, fortel Tonheim.

Restane frå hjortejakta

Han stoppa, og i ei tue like ved vegen fann han eit tydeleg spor på storleik med ein knyttneve. I går ettermiddag var Tonheim tilbake på staden saman med ein grunneigar i området. Han hadde skote ein hjort like ved. Innvollane som låg att etter at dyret blei slakta på staden, er no heilt vekke.

— Vi reknar med at bjørnen har forsynt seg. Det er vel grunn til å tru at han no går etter det som ligg att etter hjortejakta, seier Tonheim.

Fredag følgde Jarle Oddgeir Solheim det han meiner var ein bjørn i fleire minutt på ein bø i Eikefjord. Solheim var på jakt då han såg dyret, og følgde det i kikkertsiktet til han berre var 100 meter frå.

Statens naturoppsyn har ikkje stadfesta at det var ein bjørn, men Magne Sagerøy er ikkje i tvil. Han var med under bjørnejakt i Jostedalen i fjor sommar, og såg der fleire gonger spor etter bamsen. Han var måndag på staden der Solheim såg dyret.

— Eg fann 10-15 spor på bøen. Hos meg finst det ikkje tvil, det er bjørnespor.

Fann bjørnehi

Men om oppsynet ikkje vil stadfesta at ein liten bjørn labbar rundt i Sunnfjord, er dei krystallklare på at bjørnen som i fjor var i Jostedalen, prøvde å grave seg hi ved Fåbergstølen i fjor haust.

Det var ein hjortejeger som oppdaga hiet, og melde frå. Måndag var den lokale fjelloppsynsmannen Einar Fortun i området. Han fann tre hiplassar, men det har ikkje overvintra bjørn i nokon av dei.

— Eine hiet er gammalt, og har truleg blitt brukt av bjørn tidlegare. Dei to andre er prøvehi bjørnen har grave ut, seier Fortun.

Området ved Fåbergstølen er ein gammal hiplass, og bjørnen har rett og slett søkt tilbake til ein godt eigna stad for å overvintre. På eine staden har bjørnen blitt stoppa av ein stor stein. Det andre hiet er langt på veg fullført. Her hadde bjørnen teke til å sanke kvist til å liggje på.

SYNNØVE FORTUN, STATENS NATUROPPSYN