Bjelland-selskapa Dale Fabrikker AS og Winder ASA har stemna Vaksdal kommune og tre fagforeiningar ved tekstilprodusenten Daletec.

Målet for Bjelland er å få ein dom som gir Dale Fabrikker tilgang til 39,8 millionar kroner som no står på sperra konto. Pengane kjem frå BKK, som i vår kjøpte Dale Fabrikker ut av ein avtale som gav selskapet billeg kraft til evig tid.

Prisen var 90 millionar kroner, men kommunen og fagforeiningane greidde å presse gjennom ein mellombels avtale som hindra at Dale Fabrikker kunne gjere som selskapet ville med pengane. No vil Bjelland ha avtalen prøvd for retten.

Kommunen og fagforeingane meiner gamle avtalar forpliktar Dale Fabrikker til å bruke krafta på Dale. Det er Bjelland usamd i.

Daletec er eit dotterselskap av Dale Fabrikker, og har spesialisert seg på å lage flammehemmande tekstilar. Storparten av produksjonen er flytta til Pakistan. Det gjer at fabrikken ikkje treng så mykje kraft lenger.