Det skjedde gjennom signering av ein avtale mellom Tverpolitisk (TS), Frp, Høgre, Venstre og KrF, og etter at Sp aldri greidde å bli einig om koalisjonssamarbeid internt.

Otto Benjaminson (KrF) blir ny varaordførar. Høgre får to representantar i formannskapet og styreformannen i Kvinnherad Energi, TS får ein formannskapsplass, Frp to og KrF ein.

Først ein månad og fire dagar etter valet og fire dagar før tidsfristen gjekk ut, greidde Kvinnherad å få på plass ein avtale om leiarposisjonane. Det er venta at splittinga i Senterpartiet vil enda med eksklusjonar eller utmeldingar.

Malarmeister og sauebonde Bjarne Berge frå Herøysundet har vore frontifigur i TS, som blei etablert som motstandar av Folgefonntunnelen. Han var tidlegare med i Høgre.