• Manglande støtte frå Sjømannsforbundet var medverkande til nedturen eg fekk etter å ha fått avskil frå HSD, seier motormannen (54) som mista jobben etter fyll på MF «Os» i fjor.

— Eg veit at vi gjorde noko gale. Men samstundes fekk eg ei kjensle av å vera rettslaus, sa den no arbeidslause motormannen før straffesaka mot det tidlegare «Os»-mannskapet blei avslutta i Sunnhordland tingrett fredag.

— Vi blei kalla inn til HSD og fekk avskil på grått papir. Det var ikkje noko å diskutera, sjølv om ingen ting var klart med blodprøvar og bevis. Eg følte eg blei like elendig behandla av Sjømannsforbundet, der eg har vore medlem i 20-30 år, sa motormannen.

— Vi diskuterer ikkje slike saker når det handlar om alkohol, var meldinga frå forbundet. Dei kunne iallfall ha lagt på bordet kva rettar eg hadde, sa 54-åringen, som ser svart på framtida med omsyn til å få seg ny jobb til sjøs.

Alle dei fem mannskapa fortalde retten om at alkoholepisoden med MF «Os» i fjor hadde vore ei stor belastning, særleg for familiane deira. Dei bur alle i mindre bygdesamfunn, der alle veit kven som dumma seg ut som ferjemannskap.

Den 28 år gamle styrmannen orkar førebels ikkje å søkja jobb til sjøs att. Han er skamfull og redd folkesnakket på heimstaden, og har flytta til Haugesund med sambuaren sin, fortalde han i tingretten fredag.

Kapteinen har fått seg ny jobb til sjøs som vikar, men er redd han mistar stillinga dersom han må gå i fengsel etter «Os»-episoden.

Han prøvde også å få ein avtale med HSD om ein «anstendig sorti» frå selskapet. Men det var blankt avslag, avskil på grått papir og rett ut bakdøra, sa kapteinen i Sunnhordland tingrett.